Hopp til innhald

Fagstoff

Drabantbyane

Drabantbyane var ein ny type bysamfunn som vaks fram rundt Oslo og andre større byar etter andre verdskrigen. Dei skulle gi fleire og betre bustader. Samtidig skulle dei gjere byen sunn og moderne, og jamne ut sosiale forskjellar.
Lågblokker med menneske som er ute og går og syklar mellom blokkene. Eit par bilar står parkerte. I bakgrunnen ser vi ei høgblokk. Dette er eit måleri av Arne Stenseng frå Lambertseter. Kunstverk. .
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mellomkrigstid og funksjonalisme

Sunnheit, lys og luft til alle stod øvst på dagsordenen til politikarane i mellomkrigstida. Den moderne bustaden skulle vere ei funksjonell "bumaskin" utan fordyrande, unødvendig "krimskrams". Generalplanen for Stor-Oslo frå 1929 var bygd på funksjonalistiske idéar og vart prega av "funkisstilen", som folk kalla han. Reine linjer, store flater, stål, glas og betong prega dei nye bustadene som vart bygde.

Den sveitsisk-franske arkitekten Le Corbusier var ein av opphavsmennene til dei nye løysingane og til blokkbusetnad. For han var dei store grøne areala mellom bustadene like viktige som bustadene. Der skulle folk samlast til leik og rekreasjon.

Ny, sunn by

Ønsket om å skape ein ny, sunn by stod sterkt blant byplanleggarane og arkitektane i etterkrigstida. Det klassedelte bysamfunnet frå 1800-talet skulle erstattast av noko nytt og betre. Bustadområde og industri skulle skiljast, bustadkvartala bli løyste opp og naturen skulle trekkast inn i busetnaden.

Jenter leikar på grøntområde ved bustadblokker. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Drabantbyplanane var inspirerte av svenske, engelske og tyske førebilete som la vekt på funkisidéar om lys, luft og natur i byane. Sosialdemokratisk likskapsideologi spelte også ei viktig rolle.

Utbygginga av drabantbyane avskaffa bustadnøda i Oslo, men ikkje heilt utan kamp. Bøndene i Aker måtte gi mykje grunn i samband med byutvidinga i 1948. Grepet gjorde byen seks gonger større og gav dei nødvendige tomtene for utbygginga. Frå 1960 til 1990 vart det oppført 112 000 nye bustader. Dei fleste var blokkleilegheiter, men det vart også bygd einebustader, to- og firemannsbustader og rekkehus.

Utbygginga av drabantbyane i Oslo gjekk føre seg i samvirke mellom politikarar, ulike kommunale etatar og private aktørar.

Inn i velferdssamfunnet

Dei fleste som flytta inn i dei nye bustadområda, var unge barnefamiliar eller nygifte par. Mange hadde stått på venteliste i fleire år før dei fekk bustad. Tildeling av leilegheit skjedde ved loddtrekking. Folk gledde seg over meir plass og lyse rom, over bad og moderne kjøkken, og over trygge oppvekstmiljø nær naturen.

Å flytte inn i ei ny og hygienisk leilegheit i ein av drabantbyane var for mange å ta steget inn i moderniteten og velferdssamfunnet.

Familien og barna stod i sentrum i bustadplanlegginga i etterkrigstida. Barna fekk eigne rom med plass til skulearbeid, leik og utfalding. Slik skulle dei utvikle seg til sjølvstendige individ og skjermast frå seksuallivet til foreldra.

Barn på barnerom på Frogner i Oslo i 1947. To jenter og ein gut. Svart-kvitt Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bustadstandard og politikk

Søkelyset på bustadstandard handla om langsiktig politikk. Bustaden vart sett på som eit av dei viktigaste midla for å skape sunne og arbeidsdyktige samfunnsborgarar, som kunne sikre velferda og demokratiet.

Tanken om den sosiale fellesskapen stod sterkt hos drabantby-planleggarane. Bustadene vart samla innanfor eit nabolag, og fellesskapen skulle utviklast gjennom eit hierarki av fellesinstitusjonar som idrettslag, kyrkjesamfunn, bibliotek og dugnader.

På grunn av knappe ressursar vart bustadbygginga prioritert, og fellesanlegga let ofte vente på seg.

CC BY-NC-SASkrive av Miriam Røsler og Linken Apall-Olsen. Rettshavar: Oslo Museum
Sist fagleg oppdatert 02.08.2022

Læringsressursar

Norsk etterkrigstid og oljealder