Hopp til innhald

Fagstoff

Velferdsstaten

Det norske velferdssystemet har anar tilbake til starten av det førre hundreåret, men vart for alvor gjennomført etter den andre verdskrigen. Målet var å sikre alle norske innbyggarar eit økonomisk tryggleiksnett. Med innføringa av folketrygda i 1967 vart den norske velferdsstaten ein realitet.
Mange menneske, både vaksne og barn, står i kø framfor ein bygning. På bygningen står det Kra. Melkeforsyning. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sosiale reformer

At staten skulle ta vare på sine eigne innbyggarar, er ingen ny tanke. I Noreg spelte partiet Venstre dei første tiåra etter 1900 ei stor rolle i reformer som skulle komme innbyggarane i landet til gode. Gjennom ei rekke sosiale reformer vart fleire grupper i samfunnet tekne vare på og sikra eit minimum av økonomisk tryggleik. Spesielt vart kvinnene sin posisjon styrkt gjennom stemmerett i 1913 og "dei Castbergske barnelovene" i 1915, der det vart lovfesta at menn hadde forsørgaransvar.

Plakat med teksten "80000 arbeidsløse krever flertallet til Arbeiderpartiet". Illustrasjonen på plakaten viser ein mann og ei kvinne som ser ut gjennom ei dør. Kvinna sit ved eit kjøkkenbord og tel myntar. Fabrikkpiper i bakgrunnen. Trykk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den økonomiske og politiske turbulensen i mellomkrigstida gjorde det vanskeleg å innføre nye velferdsgode, men etter kriseforliket i 1935 vart velferdsstaten utvida ytterlegare. I åra fram mot krigen vedtok Stortinget lover om omsorg for blinde og vanføre (1936), uføretrygd (1936–1937), utvida sjuketrygd (1935–1936), behovsprøvd alderstrygd til kvinner og menn over 70 år (1936) og arbeidsløysetrygd (1938). I desse åra vart velferdsreformer prioriterte framfor auka militær opprusting.

Den moderne velferdsstaten

Fellesprogrammet vidareførte denne velferdspolitikken. Etter gjenreisingsperioden vart krav om nye velferdsgode igjen tydelege. I løpet av eit par tiår skulle alle nordmenn bli sikra nødvendig økonomisk støtte frå det offentlege dersom deira eige livsgrunnlag svikta. Taterar, romfolk og den samiske befolkninga ville kanskje meine at dette ikkje var tilfelle for dei.

Velferdssystemet vi har i Noreg i dag, vart til på 1950- og 1960-talet. Då vart trygdesystemet vårt og dei offentlege tenestene innanfor helse-, sosial- og utdanningssektorane bygde ut. Barnetrygd kom i 1946, og i 1957 fekk vi alderstrygda (utan behovsprøving). Mange trygdeordningar vart samla i folketrygda i 1967, sjølve hjørnesteinen i den norske velferdsstaten.

Folketrygdens formål er å gi økonomisk trygghet ved å sikre inntekt og kompensere for særlige utgifter ved arbeidsløshet, svangerskap og fødsel, aleneomsorg for barn, sykdom og skade, uførhet, alderdom og dødsfall. (Folketrygdloven, 1997, §1–1)

Den grunnleggande tanken bak velferdsstaten er at staten har teke på seg ansvaret for å sikre velferda til alle i samfunnet. Blant anna skal dei som ikkje er i stand til å forsørge seg sjølve, sikrast livsopphald. Ein annan ting er at det skal lønne seg å jobbe. Mange av velferdsordningane vi har i dag, får ein del i gjennom å jobbe og vere inkludert i samfunnet.

Eit av hovudmåla er ei omfordeling av inntektene. På den måten er vi som borgarar sikra minimumsinntekt og omsorg, uavhengig av prestasjon i arbeidslivet og statusen vår i samfunnet. Derfor er høg grad av likskap og lite fattigdom eit fellestrekk ved dei nordiske samfunna.

Folketrygda

Arbeidarpartiet sat med regjeringsmakta i heile perioden 1945–1965, med unnatak for ein knapp månad i 1963, og den moderne velferdsstaten vart bygd ut i sosialdemokratisk regi. Men alle dei politiske partia stilte seg bak ønsket om tryggleik og utjamning. Sosialpolitikken vart eit tydeleg uttrykk for etterkrigstida si samling om felles verdiar, og den borgarlege regjeringa som styrte 1965–1971, gjennomførte folketrygdreforma som sjølve krona på verket.

Folketrygda er regulert i lov om folketrygd (folketrygdlova) og omfattar mellom anna desse ytingane:

  • alderspensjon
  • arbeidsløysetrygd
  • uføretrygd
  • sjukepengar
  • arbeidsavklaringspengar

Kjelder

Folketrygdlova. (1997). Lov om folketrygd (LOV-1997-02-28-19). Lovdata. Henta frå https://lovdata.no/lov/1997-02-28-19

Lange, Even (2020, 2. september). Trygghet og økt velferd. Norgeshistorie.no. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/velferdsstat-og-vestvending/1801-trygghet-og-okt-velferd.html

Lange, Even (5.11.2020): Bedre levekår, Norgeshistorie.no. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/velferdsstat-og-vestvending/1862-bedre-levekar.html

Christensen, Johan og Berg, Ole T. (12.8.2022): Velferdsstat, Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/velferdsstat

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen og Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2022

Læringsressursar

Norsk etterkrigstid og oljealder