Innleving i karakterar
Vi identifiserer oss gjerne med personar vi blir kjende med gjennom film, litteratur og teater. Sjølv om dei lever andre liv, kan vi ofte kjenne oss igjen i sorger, gleder og utfordringar dei møter.
Korleis kan du som maskør skape ein truverdig karakter? Det første du må gjere, er å setje deg inn i kven personen er, og korleis hen ser ut.
Del 1: Utforsk og studer ein karakter eller skap din eigen
Du kan velje om du vil beskrive ein kjend karakter, eller om du vil dikte opp ein eigen person.
A) Lag ei personskildring av ein kjend karakter
Vel ein karakter som fascinerer deg, frå ei valfri bok, ein serie eller ein film. Om du vil, kan du velje ein av dei fem karakterane i filmklippa under.
Bruk fleire kjelder og finn ut korleis personen ser ut, og kva karaktertrekk hen har.
Dersom du vel ein karakter frå ein historisk periode, bør du òg undersøkje korleis moten var på denne tida.
B) Lag ei personskildring av ein karakter du sjølv diktar opp
Beskriv korleis personen ser ut, kva eigenskapar hen har, og kva slags tid og miljø karakteren høyrer heime i.
Del 2: Idéutvikling
Lag skisser for korleis du kan bruke hår og sminke til å få fram det uttrykket du ønskjer.
Vurder om du skal bruke spesialeffektar. Lag i så fall skisser til korleis du kan løyse dette.
Del 3: Eksperimentering og førebuingar
Prøv ut ulike løysingar, og finn ut kva teknikkar og materiale du vil bruke.
Lag eventuelle lause delar du vil bruke som spesialeffektar.
Del 4: Gjennomføring
Samarbeid med ein medelev, og byt på å vere modell for kvarandre.
Ta bilete av personen som skal sminkast, før de byrjar. Fotografar undervegs i arbeidsprosessen og når karakteren er ferdig.
Bruk, sminke, hår og eventuelle spesialeffektar til å skape karakteren du valde i del 1.
Ha god dialog med modellen din. Forklar kva teknikkar du bruker, og kva slags verknad du ønskjer å oppnå med dette.
Del 5: Dokumentasjon og eigenvurdering
Ta utgangspunkt i personskildringa i del 1 og vurder korleis du har klart å attskape denne karakteren.
Beskriv korleis du har gjort den handverksmessige delen, gjennom bilete og tekst. Kva erfarte du gjennom utprøvingane dine, og korleis påverka dette vala dine?
Vurder kvaliteten i arbeidet ditt.