Hårvask er ein viktig del av frisørtenesta. Fleire kundar ønskjer rettleiing ut frå behovet sitt. Ein hår- og hodebunnsanalyse er eit godt utgangspunkt for å tilby eigna hårpleieprodukt. Gå saman to og to, og øv dykk på å rettleie og vaske håret til kvarandre.
Kommunikasjon
God kommunikasjon er viktig for å gi kunden ei positiv oppleving. La ønska og behova til kunden vere utgangspunkt for samtalen. Bruk kunnskapen din om hår og hovudbotn til å gi gode råd om hårpleieprodukt.
Del 1: Analyse av hår- og hovudbotn
- Gå saman to og to, og utfør ein analyse av hår- og hovudbotn på kvarandre.
- Vel produkt ut frå analysen.
- Forklar den andre kvifor du tilrår desse produkta.
Analyseskjema
Til hjelp med analysen av hår- og hovudbotn kan du bruke eit enkelt skjema og fylle inn opplysningar:
HÅRKVALITET | Kjenneteikn | Behandling |
---|---|---|
Normalt | ||
Kjemisk behandla hår | ||
Termisk skadd hår | ||
Naturleg tørt hår | ||
Mekanisk skadd hår | ||
HOVUDBOTN | ||
Normal | ||
Tørr/sensitiv | ||
Feit | ||
Flass |
Del 2: Hårvask
- Børst gjennom håret med ein naturbørste, dersom det er behov for å løyse opp knutar, tupéring eller restar av styling.
- Gjennomfukt håret med temperert vatn. Hugs å spørje kunden om temperaturen er behageleg.
- Fordel sjampoen i heile handflata og masser han inn i heile hovudbotnen. Øv på eit jamt og behageleg tempo.
- Skyl så ut, gjenta sjamponering og skyl godt.
- Klem ut overflødig vatn og tilfør kur eller balsam. Start med å fordele balsam i lengder og spissar, og jobb deg oppover mot hovudbotnen. Massar i eit rolegare tempo som ei avslutning på behandlinga.
- Skyl godt.
- Klem ut overflødig vatn. Bruk deretter eit handkle til å klemme ut vatnet, ikkje gni.
Del 3: Vurdering og tilbakemelding
Gi kvarandre tilbakemelding på korleis de opplevde kommunikasjonen og behandlinga.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Svein Sandnes. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 14.05.2020