Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sosial berekraft og openheitslova

I denne gruppeoppgåva skal de undersøke om verdikjeda til eit sjølvvalt produkt er sosialt berekraftig. Finn ut om arbeidarane i heile verdikjeda har anstendige arbeidsforhold, og om dei grunnleggande menneskerettane blir respekterte.
Ikon for dei 17 temaa i FNs berekraftsmål. Grafikk.

Før de begynner, vel ut ei verksemd de vil undersøke nærmare. Forsikre dykk om at ho er omfatta av openheitslova og vel deretter ut eit av produkta ho tilbyr.

Oppgåve 1. FNs berekraftsmål

  1. Kva meiner vi med omgrepet sosial berekraft? Bruk først avansert kjeldesøk og formuler kvar dykkar definisjon. Diskuter deretter i gruppa og bli einige om ein felles definisjon.

  2. Drøft kva for nokre av berekraftsmåla som er mest relevante for sosial berekraft.

  3. Undersøk nettsida til verksemda de har valt og finn ut kva dei sjølv skriv om sosial berekraft.

Overforbruk av ressursar: Tittelen "Produksjon" er plassert over to teikningar som viser ein fabrikk det ryk kraftig frå og to fullasta lastebilar. Tittelen "Råvarer" viser til to teikningar av gravemaskiner som tek for seg av jorda og skogen. Tittelen "Forbruk" viser til teikningar  av husa menneska bur i og lastebilar fulle av varer. Tittelen "Avfall" viser til teikningar av ei søppelfylling og lastebilar som dumpar avfall. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2. Openheitslova

  1. Forklar omgrepa grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

  2. Openheitslova stiller krav til at verksemder skal rapportere om såkalla aktsemdvurderingar. Kva er meint med det?

  3. Kva kartlegging har verksemda gjort av verdikjeda til produktet de har valt med omsyn til arbeidsforhold og konsekvensar for menneskerettane?

  4. Finn noko de er nysgjerrige på med det valde produktet og sosial berekraft, som de ikkje finn beskrive på nettsida for verksemda. Skriv ein førespurnad til verksemda om dette. Skjema eller e-postadresse finn de vanlegvis på nettsida deira.

  5. Skriv ein rapport om produktet og den sosiale berekrafta for verksemda, der de tek med

  • beskriving av produktet og verksemda

  • beskriving av verdikjeda til produktet

  • kva informasjon som finst om sosial berekraft på nettsida

  • kva de spurde om, kva dei svarte, og kor godt dei svarte på spørsmåla dykkar

  • kor godt de synest produktet og verksemda skårar på sosial berekraft

  • korleis omdømmet for verksemda blir påverka av den sosiale berekrafta deira

  • korleis vi kan bruke satsing på sosial berekraft i marknadsføringa av produktet

Når de får svar frå verksemda, legg de til denne informasjonen i rapporten.

Relatert innhald

Openheitslova tredde i kraft 1. juli 2022. Kvifor fekk vi denne lova, og kva konsekvensar vil ho få for norske verksemder?

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 09.11.2022

Læringsressursar

Berekraft og samfunnsansvar