Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Til ungdommen" – diktet som trøysta oss etter 22. juli

Diktet "Til ungdommen" av Nordahl Grieg blei skrive før andre verdskrigen. Etter terrorangrepet på regjeringskvartalet og Utøya 22. juli 2011 blei diktet Noregs nasjonale trøystesong. Kva er det ved teksten som gjer at han er like aktuell i 2011 som i 1936?
Store mengder blomstrar og lys i ulike fargar er samla på bakken. Mange menneske står rundt. Somme held på med å tenne lys i blomsterhavet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: "Til ungdommen" framført av Dagny

  1. Lytt til Dagny si framføring av diktet "Til ungdommen" på NRK (frå 48:32). Det blei framført ved minnegudstenesta 10 år etter terrortragedien 22. juli 2011.

  2. Skriv ned etter å ha lytta:

  • Kva kjensler synest du framføringa formidlar?

  • Kva er førsteinntrykket ditt av teksten? Kva handlar diktet eigentleg om?

  • Kvifor trur du nettopp denne teksten blei trøysta i nasjonen etter 22. juli?

Del 2: "Til ungdommen" lese opp av Jack Fjeldstad

Lytt til opplesnaden av Jack Fjeldstad frå 1949 (under). Skriv medan du lyttar:

  1. Kva kjensler og stemningar meiner du denne opplesnaden formidlar?

  2. Fekk denne opplesnaden deg til å oppfatte innhald og tema i diktet annleis enn då Dagny framførte versjonen sin? I så fall – kvifor?

  3. Kva meiner du er tema og bodskap i diktet?

  4. Samanlikn svara dine med svara til ein annan elev i klassen.

Del 3: Kontekst: mellomkrigstida

Nordahl Grieg var kommunist og ein sterk motstandar av fascismen. Det var frammarsjen til denne ideologien på 30-talet som inspirerte han til å skrive diktet "Til ungdommen".

Benito Mussolini og Adolf Hitler passerer barn som gir nazi-helsing i Berlin, 2. juli 1940. Foto.

Diskuter i grupper

Kva veit de om

  • fascisme

  • Hitlers maktovertaking

  • Mussolinis maktovertaking

  • Franco og den spanske borgarkrigen

Jobb åleine

Var det nokon av punkta de visste lite om? Les dei to kjeldene under for å få betre kunnskap om den konteksten Griegs dikt kom ut i:

Filer

Del 4: I djupna på diktet

Relatert innhald

Ha teksten til "Til ungdommen" framfor deg. No skal du gå i djupna på diktet for å gjere deg opp ei meining om kva som er bodskapen i diktet, og korleis Nordahl Grieg formidlar denne bodskapen.

Tema og bodskap

  1. Les diktet endå ein gong og formuler det du meiner er tema og bodskap.

  2. Diskuter det du har skrive med ein annan elev og sjekk om de er einige.

  3. Strek under verselinjer som du meiner særleg godt får fram bodskapen i teksten.

  4. Diskuter med ein medelev kva konteksten dikta kom ut i, kan ha å seie for tema og bodskap i diktet.

Verkemiddel

  1. Diskuter dette spørsmålet med ein medelev: Det er ein kontrast mellom bodskapen og ordbruken i diktet. Korleis då?

  2. Kva for andre verkemiddel synest du framhevar bodskapen? Prøv å markere verselinjer og bruke fagomgrep når du svarer.

Litt hjelp på vegen?

Her er nokre fagomgrep som kan vere aktuelle å bruke som svar på oppgåva om verkemiddel:

  • verdiladde ord

  • direkte førespurnad

  • enderim

  • fast rytme

  • bokstavrim

Del 5: Kontekst

Diskuter i grupper: Kvifor trur de nettopp dette diktet blei sunge etter 22. juli? De bør komme inn på

  • Anders Behring Breiviks ideologi

  • kven som var offera for terroren

  • kva tradisjonar teksten "Til ungdommen" hadde for AUF på Utøya

Viss de merkar at de har lite kunnskapar om nokon av spørsmåla, kan de lese kjeldene under:

Del 6: Skriv eit avsnitt der du samanliknar eit verkemiddel i dikta

No skal du øve deg på å skrive eit samanlikningsavsnitt. Oppgåva lyder slik:

  • Skriv eit avsnitt der du samanliknar bruken av verdiladde ord i "Til ungdommen" og "Du må ikke sove".

Bruk presentasjonen under som hjelp til å skrive avsnittet. Her finn du både modelltekst og tips.

Relatert innhald

Kampdikta på 30- og 40-talet hadde fast rim og rytme. Dei åtvara mot fascismen og skulle motivere mot nazistane.

Korleis kan dikt vere ei trøyst? Eit døme på dikt som trøyst er "Til ungdommen", skrive av Nordahl Grieg.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2021

Læringsressursar

Realistisk litteratur i Noreg 1900–1945