Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Songlyrikk som trøyst

Har du nokon gong høyrt på musikk når du er trist? Det er heilt vanleg. Songtekstar kan ofte ha ein heilande funksjon.

Den tyske diktaren Novalis skal ha sagt at “poesien lækjer dei såra som forstanden gir”. I oppgåvene under skal du arbeide med tonesette tekstar som på ulike måtar påverkar kjenslene våre.

Oppgåve 1

Har du musikk du liker å høyre på når du er trist, litt nedstemt eller berre enkelt ikkje er heilt i humør? Finn fram songteksten og gjer ei av oppgåvene under:

  1. Ønskjer du å halde for deg sjølv kvifor du har valt denne songen? Skriv fritt i ti minutt om kvifor og korleis teksten påverkar deg kjenslemessig. Kvifor liker du akkurat denne songen? Er det delar av teksten du særleg set pris på?
  2. I par: Fortel kvarandre kvifor de valde akkurat denne songen.
  3. Skriv songteksten på eit stort ark. Skriv ned dine eigne tankar om kvifor akkurat denne teksten fungerer så fint som trøyst på arket. Bruk gjerne ulike fargar og gjer det fint. Kanskje kan dei ulike bidraga hengje i klasserommet?

Til ungdommen

I 1936 skreiv Nordahl Grieg diktet “Til ungdommen”. Grieg var og bekymra over utviklinga av i Europa.

“Til ungdommen” skal vere eit optimistisk dikt som maner ungdommane til å kjempe mot fascismen. Våpenet skal verken vere granatar eller gevær, men ord og trua på menneskeverdet.

Under kan du lese dei to første strofene i diktet:

Kringsatt av fiender, gå inn i din tid!
Under en blodig storm –
vi dig til strid!
Kanskje du spør i angst,
udekket, åpen:
hvad skal jeg kjempe med,
hvad er mitt våpen?

Her er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
troen på livet vårt,
menneskets verd.
For all vår fremtids skyld,
søk det og dyrk det,
dø om du må – men:
øk det og styrk det!

(Grieg, 1936)

Utøya 22. juli 2011

Griegs dikt blei sett tonar til i 1952 og har lenge blitt brukt som allsong av arbeidarrørsla.

Teksten fekk ny aktualitet etter Anders Behring Breiviks angrep på ungdomane på Utøya 22. juli 2011. Då ungdomane sumde for livet i Tyrifjorden, blir det sagt at dei song nettopp denne songen for å halde motet oppe.

I tillegg blei songen sungen fleire gongar like etter angrepet. Slik blei han eit nasjonalt symbol, og ei trøyst, for fleire i sorga som følgde.

Oppgåve 2

Set deg meir inn i det som skjedde på Utøya 22. juli: Les om angrepet og kampen til ungdomane for å overleve. Sjå gjerne framføringar av "Til ungdommen" frå minnegudstenester etter terrorangrepet.

Kvifor trur du det var akkurat denne teksten som blei ei trøyst for mange etter 22. juli?

Oppgåve 3

I grupper på fire: Diskuter korleis og kvifor “poesien lækjer dei såra forstanden gir”, slik Novalis skriv?

Kjelder

Grieg, N (1936). "Til ungdommen". Samlede dikt (ISBN 82-05-18666-9). Digitalisert i Nasjonalbiblioteket.

Sitat av Novalis teken frå https://www.ordtak.no/index.php?fn=&en=Novalis.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2020

Læringsressursar

Lyrisk dikting