Hopp til innhald

Fagstoff

Frihandteikning – utstyr og analytisk teikning

Design og produktutvikling er ein visuell prosess. Teikning hjelper deg å skape og framstille ulike former. Kristine Kandal-Ilagsmoen viser deg teikneutstyr og korleis du kan bruke element frå analytisk teikning når du skal teikne ulike produkt.
Fotografi av ring teikna med kritblyantar på svart kartong.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikneutstyr

Blyantar

Fotografi av ei spiralblokk med gråblyant.

Blyantar finst i ulike hardleiksgrader. H står for hard og B for blaut. HB har middels hardleik. Jo høgare talet framfor B er, jo mjukare er blyet. Mjuke blyantar lagar ein tjukk og mørk strek, og er fine å bruke til skuggelegging, mens harde blyantar skaper tynnare, meir presise strekar.

Papir

Papir har ulik tjukn og struktur. Grovt papir kan gi ein fin effekt og passar til større format. Glatt papir eignar seg best til mindre og meir detaljerte teikningar.

Element frå analytisk teikning

Å teikne "analytisk" vil seie å kunne framstille former rett i forhold til kvarandre. Ved å bruke geometriske former som hjelpelinjer, kan du få hjelp til å forenkle og setje saman ulike delar av eit produkt.

Rundt bord

Når du ser ei sirkelform frå sida, opplever du ho som ein ellipse. Øv deg på rørsla når du teiknar sirklar og ellipsar, og la forma bli meir jamn og rund for kvar gong du prøver.

Kristine viser korleis ho bruker heile armen, og korleis hjelpelinjer kan vere til hjelp, når ho teiknar eit rundt bord. Teikn svakt først, og korriger forma mens du arbeider. Pass på at armen er avslappa.

Trearma lysestake

Her plasserer Kristine ein lysestake inn i eit kvadrat, slik at forma blir symmetrisk. Ein sirkel hjelper ho å teikne bogen.

Øks

I denne filmen bruker Kristine element frå analytisk teikning når ho lagar ei skisse av eit økseblad.

Trapp

Kristine bruker geometriske former som ei ramme når ho teiknar ei trapp i parallellperspektiv. Dette kan vere eit utgangspunkt for å jobbe med design til eit gelender.

Ta med deg denne måten å jobbe på når du skal lage og arbeide med eigne skisser og arbeidsteikningar.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2021

Læringsressursar

Teikning