Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teikning med fargeblyantar i gull- og sølvsmedfaget

Korleis kan du gi att metall i skisser og arbeidsteikningar? Her skal du øve på å modellere form og å skape eit inntrykk av gull og sølv ved hjelp av fargeblyantar.
Ring teikna med kritblyantar på svart kartong. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekniske teikneøvingar

Øv på desse tekniske teikneøvingane. Vel ut nokre av formene som du vil jobbe vidare med og modellere ved hjelp av fargeblyantar.

Bruk fargeblyantar til å skape illusjon av gull og sølv

Gjenstandar i gull og sølv kan teiknast med fargeblyantar. Bruk skuggelegging og skraveringsteknikkar for å dekke underlaget heilt med farge. La retninga på strøka understreke forma. Hugs å la blyantane flyte oppå arket. Blir dei pressa ned, blir underlaget metta raskare. Det hindrar fargelegginga vidare.

Skap illusjon av sølv

Sølvblyantar er variantar av varme og kalde gråfargar.

  1. På det første laget blir lyse felt skapte med ein varm lysegrå blyant som blir lett lagt på.
  2. Ein kald gråfarge blir lagt i skuggeområda.
  3. Dei neste laga skal fylle ut valørane mot skuggane. La dei lyse områda vere i fred. Bruk først ein kald mellomgrå farge. Fargelegginga blir balansert ved å veksle mellom kalde og varme gråtoner.
Øyredobb sett framanfrå og frå sida. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skap illusjon av gull

Ein kald gråfarge kan òg brukast som underlag for skuggepartia på gullsmykke:

  1. Bruk ein rein gulfarge på dei lyse felta.
  2. Vel ein gulaktig, lysande okerfarge på det neste laget for å jamne ut det gule.
  3. Brunaktige okerfargar øydelegg lysverknaden. Bruk dei berre i skuggeparti på dei neste laga.
  4. Oransje kan brukast i overgangane frå dei lyse til dei mørke partia.
  5. På dei øvste laga er brune blyantar med skjer av grønt eller sepia betre enn raudaktige og sjokoladefarga nyansar.
CC BY-NC-NDSkrive av Øystein Johan Østby. Rettshavar: Solum Bokvennen
Sist fagleg oppdatert 24.05.2023

Læringsressursar

Teikning