Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Made in America

Rapparen Jay-Z er kanskje sjølve symbolet på den amerikanske draumen på 2000-talet. Som ein Oskeladd har han gått frå eit liv i fattigdom til å bli ein verdskjend rappar, produsent og forretningsmogul. No står han òg bak ein av USAs største musikkfestivalar.

Om filmen

I 2012 starta Jay-Z musikkfestivalen Made in America, med ønske om å sameine ulike musikkstilar med ulike musikkfans for å oppnå ein smeltedigel og ei felles forståing for musikk. Den Oscar-vinnande regissøren Ron Howard skildrar oppstarten, festivaldagane, musikken og kvifor festivalen vart til.

Vi får møte nye ansikt og talentar. Det blir mellom anna gjensyn med band som Run DMC og Pearl Jam. Desse banda er nokre av trekkplastera på 2012-festivalen. Vi får historier om korleis den musikalske reisa deira byrja, og korleis dei kjende låtane deira oppstod.

Den amerikanske draumen

Alt frå artistane som speler på festivalen til crewet backstage, blir intervjua i dokumentaren. Felles for alle er at dei kjem med synspunkta sine på om den amerikanske draumen har spelt ut rolla si eller ikkje.

"Basert på mine eigne erfaringar ville eg aldri trudd at eg skulle vere der eg er i dag", seier Jay-Z i filmen. Generelt er det ein svært samfunnsengasjert og optimistisk Jay-Z vi møter i Made in America, som vart laga då Barack Obama framleis var president. Sidan den gongen er den politiske situasjonen i USA svært ulik, etter at Donald Trump overtok som president i 2017.

Shawn Carter, som Jay-Z eigentleg heiter, vaks opp i slummen i New York. Trass i dette klarte han å slå seg opp som musikar og etter kvart som forretningsmann med debutalbumet sitt Reasonable Doubt. Han blir i dag rekna som ein av dei største trendsetjarane i verda, og ikkje minst ein av dei beste rapparane gjennom hiphop-kulturen si historie.

Relatert innhald

Watch the documentary "Made in America" and explore the concept of the American Dream.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 30.01.2020

Læringsressursar

Identitet