Hopp til innhald

Spelefilm

VS.

VS. er eit inspirerande britisk ungdomsdrama frå 2018. Adam har hamna på kant med lova. Dette hindrar han ikkje i å bruke det språklege talentet sitt i rap-duellar.

Om filmen

17 år gamle Adam har budd store delar av livet i fosterheim, og han slit med å finne plassen sin i verda. Han røykjer hasj, og veit ikkje heilt kva han skal gjere med livet.

Då Adam ein dag treffer den biologiske mora si, blir han konfrontert med fortida. Får han endeleg svaret på kvifor ho ikkje beheldt han?

Eit tilfeldig møte resulterer i at han blir invitert til ei lokal rap-scene. Her får Adam utfolde dei språklege talenta sine i battle-duellar.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 07.10.2020

Læringsressursar

Identitet