Hopp til innhald

Spelefilm

Ett minutts stillhet

Ei sterk historie om ein gjeng ungdommar som må stå samla mot uante krefter under den kalde krigen på 1950-talet. Filmen, med originaltittel
Das schweigende Klassenzimmer,
er basert på verkelege hendingar.

Om filmen

Det er politisk uro i Aust-Tyskland. Den kalde krigen er i gang, men det er enno fem år før Berlinmuren blir reist. Den ikoniske muren som etter kvart blir sjølve symbolet på skiljet mellom Aust og Vest i verdspolitikken.

Ein gjeng med ungdommar frå Aust-Tyskland lurer seg inn på kino i Vest-Berlin og ser dramatiske bilete frå ei filmavis om det ungarske opprøret i Budapest. Eit studentopprør mot det autoritære kommuniststyret i Ungarn, som berre i løpet av nokre dagar krev fleire tusen menneskeliv.

I solidaritet med offera i opprøret bestemmer ungdommane seg spontant for å halde eitt minutts stille i ein skuletime. Denne stille markeringa får uante konsekvensar for ungdommane.

Moralsk grunn

Ungdommane sin stille og, i auga deira, uskuldige protest går heilt opp til statsapparatet i det tidlegare Aust-Tyskland. Ungdommane blir skulda for å vere kontrarevolusjonære, ein tittel som ikkje heng høgt i det sovjetiskstyrte og kommunistiske Aust-Tyskland.

Det blir ein skitten kamp for å finne den av ungdommane som må stå til ansvar for protesten. Etikken og moralen til ungdommane blir grundig testa. Dei blir sette opp mot kvarandre og trua til å tyste på kvarandre av skulestyresmaktene.

Tidskoloritt

Filmen gir oss eit godt innblikk i korleis det var å vere ung i Tyskland på 1950-talet. Den kalde krigen ligg som eit historisk bakteppe, og vi ser den gryande politiske uroa i det som er eit delt og fattig Tyskland.

Samtidig er òg mykje i filmen både tidlaust og lett å kjenne igjen for mange ungdommar i dag. Ungdomsforelskingar, utfordrande familierelasjonar, overgangen frå ung til voksen, og ikkje minst korleis vennskap kan utfordrast og styrkjast.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald og Ida Marie Ellefsen. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 29.04.2020

Læringsressursar

Trugslar mot demokratiet