Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Enemies of the State

Den unge hackaren Matt DeHart hevdar styresmaktene driv ei heksejakt mot han på grunn av bindingar til WikiLeaks. Styresmaktene på si side hevdar DeHart har gjort overgrep mot mindreårige på nettet. Kven har rett? Dette er ein oppsiktsvekkande dokumentar om løgn, sanning og mistillit til staten.

Om filmen

Den unge hackaren Matt DeHart står tiltalt for eit alvorleg lovbrot i USA. Sjølv hevdar han og foreldra hans at det påståtte lovbrotet er oppdikta, og at den amerikanske staten er ute etter Matt av heilt andre grunnar. Matt har nemleg vore ein del av gruppa Anonymous og har hatt klassifiserte offisielle dokument på ein server, dokument som staten vil skal haldast hemmelege.

Ein razzia i huset til familien blir starten på eit tiår med konflikt mellom staten og familien. På den eine sida står familien, som hevdar at staten driv heksejakt på ein uskyldig forkjempar for ytringsfridommen, og på den andre sida står den amerikanske staten, som meiner at Matt har gjort seg skyldig i reelle lovbrot.

Enemies of the State er ein oppsiktsvekkande dokumentar om løgn, sanning og mistillit til staten.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 27.04.2023

Læringsressursar

Trugslar mot demokratiet