Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tolk grafen!

Denne grafen skal vise nokre historiske samanhengar og utviklingstrekk. Klarer de å forstå kva han skal illustrere?
Tips til læraren: "Bilete frå minnet"

Denne oppgåva kan alternativt løysast ved hjelp av ein metode som historiedidaktikar Erik Lund har kalla "Bilete frå minnet".

Førebuing

"Bilete frå minnet" er ein teiknestafett der elevane blir delte i grupper på 4–5. Kvar gruppe blir så delt inn i einarar, toarar og så vidare. På kvart gruppebord må ein ha eit ark å teikne på. Læraren har biletet av grafen på PC-en sin, men skjuler dette for elevane førebels.

Stafetten

Først kjem einarane frå alle gruppene opp til kateteret. Dei får sjå teikninga i cirka 30 sekund, så får dei eitt minutt til å byrje til å gi att teikninga på arket i gruppa. Det er viktig at dei forklarer mens dei teiknar, og at dei instruerer nestemann som skal opp. Så kjem toarane opp og gjer det same og held fram på den same teikninga. Slik held det fram til alle har teikna.

Diskusjon i gruppe

Set av tid til at gruppene diskuterer seg imellom kva dei har teikna. Dei kan diskutere desse spørsmåla:

  • Kva betyr dei ulike detaljane, trur de?

  • Kva er bodskapen til illustrasjonen?

Metakognisjon i plenum

Ta ein runde i fellesskap der gruppene deler strategien sin under stafetten og deler kva dei har funne ut om teikninga, og korleis dei tenkte då dei skulle tolke og forstå teikninga.

Vis originalbiletet på storskjerm og hald fram samtalen rundt detaljane og formålet med teikninga. Her kan ein òg gjerne samle inn teikningane og kåre ein vinnar, det vil seie den som er nærast originalen.

Kilde: Lund, E. (2006). Tren Tanken. Læringsstrategier og læringsstiler i samfunnsfag. Håndbok til
Aschehougs samfunnsfagserie for ungdomstrinnet.
Aschehoug.

Linjediagram. Den loddrette aksen har verdiar frå 10 til 100, og den vassrette aksen har verdiar frå 1000 til 1400. Det er to kurver i diagrammet, den eine er blå og merkt med "menneske", den andre er brun og merkt med "mat". Til venstre for kurvene står det "nyrydding", "plogen" og "treskiftebruk". Begge kurvene startar mellom 20 og 30 på den loddrette aksen og stig saman opp til punktet 80 og 1300. Her byrjar den brune kurva å gå vassrett bortover, mens den blå kurva stig litt over den brune. Her står det "svolt". Den blå grafen fell så brått ned til punktet 45 og 1350. På den vassrette aksen er 1350 merkt med eit daudinghovud. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sett dykk i grupper på 3–4 elevar, og jobb med oppgåvene under.

Del 1. Utan hjelpemiddel

Studer illustrasjonen over. Forsøk å forstå mest mogleg ved hjelp av deira eigen kunnskap og gjetting. Bruk cirka 10 minutt.

  • Kva betyr dei ulike detaljane, trur de?

  • Kva er bodskapen til illustrasjonen?

Del 2. Med hjelpemiddel

Bruk bøker og kjelder på nettet for å undersøkje dei tinga de var usikre på. Endre på svara i del 1 dersom det er naudsynt. Bruk cirka 10 minutt.

Del 3. I plenum

Sjå på illustrasjonen saman i klassen. Del kva de har funne ut.

  • Er de samde i alle detaljane?

  • Er de samde i kva bodskapen er med illustrasjonen?

  • Kan illustrasjonen brukast til å seie noko generelt om historiske utviklingstrekk og samanhengar?

Vidare utforsking

Etter ein lang periode med pest, kaldt klima og dårlege år i jordbruket i hundreåra etter Svartedauden, byrja befolkningstalet i Europa for alvor å skyte fart utover på 1800-talet.

  • Undersøk kva som låg bak befolkningsveksten i Noreg på 1800-talet, og kva som vart konsekvensane av han.

  • Samanlikn med utviklinga på 1300-talet.

  • Lag ein graf som illustrerer årsaker til og konsekvensar av befolkningsveksten i Noreg på 1800-talet. Bruk gjerne illustrasjonen frå 1300-talet som inspirasjon.

Aktuelle kjelder

Norgeshistorie: Befolkningsøkningen

Norgeshistorie: Utvandring fra Norge

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021

Læringsressursar

Demografiske endringar