Hopp til innhald

Fagstoff

Viktige demografiske endringar i norsk historie

Demografi er det same som læra om eller skildringa av befolkninga. Mest sentralt når vi skal beskrive demografi, er fruktbarheit, dødelegheit og migrasjon (flytting). Men kva er det som påverkar demografien, og kva for viktige demografiske endringar ser vi i eldre historie?
To personar ber eit nedlagt vilt hengjande på ein stokk mellom seg. Dei er på veg til ein buplass der det er bål og eit slags telt. Historisk illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva påverkar befolkningsutviklinga?

Dersom vi skal sjå på korleis demografien endrar seg gjennom tidene, må vi sjå på kva som er årsakene til til dømes dødelegheita, og kva som er årsakene til at folk flyttar på seg.

Levekår er eit viktig stikkord her. Kva er det som gjer at vi har dårlege eller gode levekår? Her har økonomiske og sosiale forhold, helse og ulike samlivsformer betydning.

Vi veit at den store befolkningseksplosjonen i Noreg med betre levekår og auka gjennomsnittsalder først skjedde på 1800-talet. Her har auka kunnskap og utvikling av medisin vore viktig. Dette vil vere annleis når vi skal sjå på fruktbarheit og dødelegheit i eldre historie, altså i ein veldig lang periode frå dei første jeger- og sankarsamfunna via overgangen til jordbruket og byveksten i mellomalderen, men òg svartedauden, før vi kjem til tidleg nytid fram til 1800.

Demografiske endringar i eldre historie

Her vil vi ikkje ha moglegheita til å gå inn på alle forhold i så mange tusenvis av år som det er snakk om i eldre historie, men vi skal sjå på nokre faktorar og dei viktigaste demografiske endringane.

Steinalder

Dersom vi går langt tilbake til dei første menneska i norske område, steinaldermenneska, så var gjennomsnittleg levealder mykje lågare enn i dag. Funn og utforsking av skjelett viser at ein kan rekne med at gjennomsnittsalderen var rundt 30 år. Nokre funn tyder på at somme kunne bli så gamle som 60–70 år. Mange kvinner døydde i samband med at dei fødde barn. Elles døydde mange av skadar og ulykker, og både sjukdom og svolt var nok vanleg. Enkelte skjelett viser teikn på matmangel.

Vikingtid og høgmellomalder

I jernalderen vart det utvikla betre verktøy til bruk i jordbruket, og med ny kunnskap om utnytting av jorda gav det befolkninga meir mat og betre næring. Vikingtida, som kom etter, vart dermed ein periode med sterk befolkningsvekst. Ein hadde behov for ny jord. Først starta ein med nyrydding av jord (kalla indre landnåm), og så førte behovet for jord òg til ekspansjon ut av landet. Det var ikkje berre vikingraid, men etter kvart busetjingar og kolonisering (ytre landnåm). Historikarar meiner at befolkninga auka frå 70 000 til 170 000 i løpet av vikingtida.

Den sterke befolkningsveksten auka gjennom høgmellomalderen. Samtidig var ein heilt avhengig av å klare seg med eigne middel. Gjorde ein ikkje det, var det brutale tider for mange fattige. Samtidig var det nokre spede tilløp til eit slags velferdssystem i denne perioden. Det var plikter internt i slekta ein var fødd inn i, og eit system som heitte gilde kunne fungere som eit slags forsikringsselskap. Med ei sterkare kyrkje kom òg almisser, altså ein type donasjonar eller hjelp til fattige.

Svartedauden

Svartedauden kom til Noreg i 1349 og drap omtrent ein tredjedel av befolkninga i Noreg i løpet av kort tid. Pest kjem igjen og igjen, og sånn var det med svartedauden òg. Den påverka demografien i Noreg i lang tid framover. Befolkningsnedgangen heldt fram i godt over 100 år, og ein reknar ikkje med at han tok seg opp igjen før på slutten av 1400-talet. Først utpå 1500-talet var den norske befolkninga på linje med det ho hadde vore før svartedauden.

1600- og 1700-talet

Bygate med trehus i Røros på slutten av 1800-talet. Barn og kvinner står i gata og ser i kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå 1600-talet av vart det vanlegare med pipe og peis i husa. Denne overgangen frå røykfylte årestover med open eldstad og open ljore i taket hadde påverknad ikkje berre på buforhold, men òg levekår og helse generelt sett. Overgangen til pipe og peis skjedde først blant borgarskapet i byane, men utover på 1600- og 1700-talet fekk òg gardane pipe og peis. Pipa leidde røyken ut av rommet, og inneklimaet vart då mykje betre. Utviklinga av husbygginga gjorde at ein òg etter kvart fekk vindauge og dagslys inn i husa.

Dødelegheita sokk i denne perioden, og det at ein fekk betre inneklima og slapp å puste inn røyk i kalde og trekkfulle hus, hadde sitt å seie for dette.

Midt på 1700-talet var framleis den forventa levealderen ganske låg. Snittalderen for kvinner var på omtrent 35 år. Dette var på grunn av at mange kvinner døydde i barsel, og ikkje minst var barnedøyinga høg. I 1750 går ein ut frå at 25 prosent av barn døydde i løpet av det første leveåret. Til samanlikning er det i dag berre 0,25 prosent av dei fødde som døyr i løpet av det første leveåret (Sandmo 2020).

Dei neste 100 åra auka befolkninga kraftig, og barnedøyinga gjekk ned. Folk fekk færre barn òg, og ikkje minst vart det færre av dei store pestepidemiane og det ein kalla katastrofeår.

Folketeljing

Den første offisielle folketeljinga i Noreg var i 1769. Det var ikkje ei full oversikt over kven som budde kvar, og kor mange som høyrde heime på ulike gardar i bygd og by, slik som seinare folketeljingar. Formålet var rett og slett å telje opp talet på innbyggjarar i landet.

Folketeljinga vart gjennomført ved at prestegjelda skulle fylle ut skjema. Somme fekk ikkje gjennomført, og somme fylte ut lange namnelister. Til slutt fekk ein likevel eit tal ein kunne basere seg på, og i 1769 vart det meldt om at det budde 723 618 personar i Noreg. 90 prosent av dei budde på landsbygda.


Kjelder

Solerød, H. og Tønnessen, M. (2021, 2. mars): Demografi. I Store norske leksikon. https://snl.no/demografi

Statistisk sentralbyrå (u.å.). Norske folketeljingar. Henta 25. juni 2021 frå https://www.ssb.no/a/folketellinger/

Sandmo, E. (2020, 21. oktober). Historisk levealder i Norge: bedre helse, lengre liv. Norgeshistorie.no. https://www.norgeshistorie.no/enevelde/1201-historisk-levealder-i-norge.html

Bandlien, B., Solberg, B. & Røvik, S. (2019, 6. februar). Vikingtiden. I Store norske leksikon. https://snl.no/vikingtiden

Orning, H. J. (2021, 23. mars). Svartedauden. Norgeshistorie.no. https://www.norgeshistorie.no/senmiddelalder/1001-svartedauden.html

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2021

Læringsressursar

Demografiske endringar