Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk mattradisjon: Krydder og urter

Urter vart brukte både som mat og medisin. I nokre tilfelle brukte ein urter i maten for å dempe smaken av skjemd råvare. I tillegg til smak, tilførte urter kosthaldet både vitamin og mineral som maten elles var fattig på.
Grøne krydderurter som heng til tørk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historikk

Folk flest brukte nok ikkje urter så mykje i matlaginga som dei gjorde til medisin. Urter og krydder har ein brukt i Noreg sidan 1200-talet. Bøndene var skeptiske til det nye pulveret, eller krydderet, som vart importert. Krydder vart brukt for å smaksetje maten, for å døyve dårleg mat og for å smaksetje alkohol.

Kva er skilnaden på krydder og urter?

Nemningane urter og krydder blir ofte brukte om kvarandre. Urter er hovudsakleg plantedelar som røter, stenglar, blad, frukter og frø som veks i moderat klima, for eksempel i Europa. Krydder er ofte mykje av dei same delane, men frå plantar som veks i tropisk klima og som for det meste blir brukt i tørka tilstand. Krydder har blitt brukt i alle kulturar, både for å setje smak på og konservere matvarer, eller det har blitt brukt som legemiddel.

Import av krydder

I Noreg var Bergen ein handelshovudstad, ikkje berre for fisk, men òg for urter og krydder som vart importerte inn til landet. Innførselen av krydder til handelshovudstaden og klosterhagane i Noreg frå 1200-talet, var med på å vekke det norske folk si interesse for krydder og urter. Men dette skjedde ikkje over natta. Norske bønder var i byrjinga svært skeptiske til å ta i bruk dei ukjende vekstane.

Dokumentert bruk sidan 1600-talet

Grøn plante med tjukke stilkar og klynger med små, kvite blomstrar. Foto.

Ifølge gamle skrifter dyrka ein merian, kjørvel, basilikum, rosmarin, salvie, timian og dill i Noreg på 1600-talet. Det vart òg brukt store mengder pepar, kanel, nellik, ingefær, muskat og andre krydderurter for å framheve smaken på maten og til å konservere mat.

Brennevinsprodusentane fann òg ut at krydder kunne vere ei nyttig tilsetjing i drikkane dei laga. Særleg akevitt er kjend for smaken av karve, men òg smak av krydder som anis, stjerneanis, dill, fennikel, kardemomme, vanilje og koriander.

Krydder og urter var eit teikn på rikdom

I mellomalderen åt folk lite grønsaker. Det dei derimot åt mykje av var kjøtt, som var krydra med urter dyrka på skjerma stader. Snart måtte ein setje opp gjerde, til dømes ein tjukk bøkehekk, rundt urtehagen for å hindre at dyr, og ikkje minst tjuvar, forsynte seg av dei dyrebare urtene. Fin mat var rikeleg krydra. Krydder vart no brukt for smaken sin del, men òg for å understreke status og rikdom.

Nye krydder kom til Noreg

Ein kokk sit på huk og sankar urter frå eit bed. Foto.

Allereie fleire tusen år før Kristus har lærde i dei gamle greske, egyptiske og kinesiske sivilisasjonane skrive om kunnskapen dei hadde om urter. Kunnskap om nyttige plantar som kunne kurere alle slags plager og sjukdommar var viktig.

Oppdaginga av Amerika førte til at nye krydder vart tekne i bruk i Europa, mellom anna vanilje, allehånde, kajennepepar og paprika. Frå 1550 og framover var engelskmennene og hollendarane dominerande innanfor krydderhandelen, som vart rekna som særs lønnsam. Frå rundt 1700 stagnerte krydderhandelen, delvis fordi ein brukte mindre krydder i maten og delvis fordi andre produkt vart viktigare.

CC BY-NC-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2018

Læringsressursar

Norsk matkultur