Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk mattradisjon: Frukt, grønsaker og bær

Heilt frå tidleg i Noregs historie har det vore god tilgang på frukt, grønsaker og bær. Dette var i vill tilstand og ikkje fordi ein planta eller dreiv jordbruk. Ein åt av det som naturen gav.
Persille og nyplukka reddikar i ein kasse. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konservering

Etter kvart begynte jordbruket å utvikle seg, og ein lærte å plante vekstane for å hauste av dei. Dette gjorde det igjen mogeleg å konservere maten og å lagre han over lengre tid, og menneska blei etter kvart meir stadbundne enn tidlegare. Dei hausta eple, poteter, kålrot og andre grønsaker og lagra dei i kjellarar slik at dei heldt seg gjennom vinteren.

Utvalet auka med eksport og import

Når eksporten og importen kjem i gong i vikingtida og mellomalderen, får ein òg tilgang på fleire typar råvarer og eit mykje større mangfald. Det er hovudsakleg dei rike som då har denne tilgangen, fordi alt som blei importert var kostbart. Sukker og honning var dyrt, og derfor brukte ein ofte frukt som søtingsmiddel i mange rettar. Dette kjem tydeleg fram dersom ein ser på oppskrifter frå den tida.

Rotgrønsaker var vanleg i dei lågare sjikta

I mellomalderen besto måltida for det meste av kornprodukt, så var kål, neper, kvitløk, løk og gulrøter vanleg i dei lågare sjikta i samfunnet. Gulrota som vi kjenner ho i dag blei avla fram i Nederland på 1600-talet. Før den tid fanst det to typar gulrøter, ein raudlilla type som blei rekna for å vere den beste, og ein grøngul som var mindre velsett.

Importen blei frigitt og forbruket av frukt auka

I dag er over 70 prosent av det vi et av frukt og grønt importert frå andre land. Den store importen som gjorde dette tilgjengeleg for alle, kom ikkje i gong før på 1960-talet. Frå 1940 og fram til byrjinga av 1960-talet var det ikkje fri import av frukt og grønt. Den frukta vi et mest av i dag er banan, som blei første gong importert til landet i 1905. Appelsinen kom tidlegare, allereie på slutten av 1800-talet, men det tok lang tid før han blei allemannseige. Klementinen som vi kjenner som julefrukt nummer 1, kom ikkje før i 1963.

Då importen blei frigitt på 1960-talet, auka også forbruket raskt, særleg av frukt og grønsaker som allereie hadde blitt importert tidlegare. Og ettersom forbruket auka, kom andre etter.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2018

Læringsressursar

Norsk matkultur