Hopp til innhald

Fagstoff

Egg på fire måtar

Egg er ei anvendeleg råvare som er rask å lage til. For å lykkast med egg må du vere nøye med temperatur og tid. Her skal vi sjå på fire vanlege tillagingsmetodar: kokt egg, pannesteikt speilegg, eggerøre og omelett.

Kokt egg

Å koke heile egg er den mest grunnleggande tillaginga av egg. Egget blir kokt i vatn som kan vere tilsett salt. Salt får egget til å koagulere raskare viss det sprekk under koking.

Skal du koke nokre få egg, kan du legge egga i ein kjel med kaldt vatn og så koke opp vatnet. Skal du koke mange egg, kan det vere lurt å koke opp vatnet først, og så legge i egga. Ta tida frå vatnet koker. Når egga har kokt i ønskt tid, må dei avkjølast raskt, gjerne i isvatn, spesielt viss du vil ha blautkokte eller smilande egg. Det er variasjon i storleiken på egga, og store egg har lengre koketid enn små.

Koketid

  • blautkokte egg: 3–4 minutt

  • smilande egg: 5–6 minutt

  • hardkokte egg: 8–10 minutt

Tre egg i kvar si vesle skål. Egga er delte i to og viser ulik konsistens på plommene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruksområde for kokt egg

Kokte egg har ulike bruksområde, men alle kan serverast varme til ein klassisk frukost.

  • Blautkokte egg kan panerast og friterast, eller pakkast inn i farse, bli panerte og friterte (skotske egg) eller bli serverte med ulike sausar og garnityr (molletegg).

  • Smilande egg kan nyttast som garnityr på smørbrød og i salatar.

  • Hardkokte egg kan brukast i eggsalat eller andre salatar, som garnityr på smørbrød eller som fylte egg, til dømes diablo-egg.

Pannesteikt speilegg

Pannesteikt egg er ein frukost- og lunsjfavoritt og er like grunnleggande som kokte egg.

Speilegg blir steikt i panne på middels varme, anten i olje eller smør. Bruk gjerne klara smør slik at det er mindre sjanse for at smøret blir bruna ved steiking. Steik på middels varme slik at egget ikkje svir seg. Unngå å steike egget for brunt i kantane. Då tørkar det ut og blir ikkje så saftig som det skal vere.

Prøv å skrape av eggekviten som ligg over eggeplomma som ei blank hinne, slik at det koagulerer saman med resten av eggekviten. Steik til all eggekviten er kvit og fast, men avslutt før eggeplomma blir hard og tørr. Egget kan òg snuast for å bli steikt på begge sider, men då er det ikkje eit speilegg lenger.

Speilegg inngår saman med bacon i kafé- og lunsjklassikaren patentsmørbrød, og du kan òg servere det til dømes på toppen av pytt-i-panne.

To speilegg på ein svart tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eggerøre

Eggerøre består av egg og vatn, mjølk eller fløyte. I tillegg blir salt tilsett undervegs, og om du ønsker det, kan du tilsetje friske urter eller anna grønt. Det vanlegaste er finkuttet graslauk, vårlauk eller purrelauk. Vi lagar eggerøre i steikepanne, eventuelt i omn med kombinasjon av damp og varmluft viss vi lagar store mengder.

Eggerøre i steikepanne

Visp saman egg med væska du vil bruke. Fløyte gir ei krema og fyldig eggerøre, mens vatn gir eggerøre med meir eggesmak og kraftigare gulfarge. Sett til 1 ms væske per egg. Smelt smør i ei steikepanne på middels varme utan at det blir brunt, før eggeblandinga hellast i. La eggeblandinga ligge i ro i panna til ho byrjar å koagulere. Etter det kan du røre i ho med jamne mellomrom slik at det dannar seg ujamne klumpar av koagulert egg.

Salt og eventuelle urter kan tilsetjast når omtrent halvparten av eggeblandinga har koagulert, like før tillaginga er ferdig. Saltet får egga til å koagulere raskare og kan derfor få eggerøra til å sleppe vatnet slik ho gjer om ho blir varmebehandla for lenge.

Eggerøra er ferdig når det framleis er ei hinne av eggeblanding som ikkje har koagulert rundt klumpane av eggerøre. Ta høgde for at det er temperatur nok i eggerøra til at ho koker vidare etter at ho er teken ut av steikepanna. Avkjøling av eggerøra går raskare om eggerøra blir tømd på eit brett.

Ferdig steikt eggerøre liggande på ein svart tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eggerøre i omn

Hell eggeblandinga i ei smurd omnsform og plasser ho i omn med kombinert damp og varmluft på 130 gradar. Avhengig av kor mykje eggerøre du lagar, bør du røre i eggerøra kvart tredje minutt. Set til salt og urter omtrent halvveges i tillaginga. Det vil vere meir restvarme i ei større eggeblanding laga i omnen enn ei lita mengde laga i steikepanne. Avslutt derfor tillaginga mens eggerøra er blautare enn ved tillaging i steikepanne.

Omelett

Omelett består av egg, salt og vatn, mjølk eller fløyte. Sett til 1 ms væske per egg. Forskjellen på eggerøre og omelett er at ved tillaging av omelett rører vi mykje mindre i eggeblandinga, slik at ho blir fastare. Omeletten heng derfor saman når han er ferdig laga. Vi kan òg tilsetje ulikt fyll i omeletten.

Omelett i steikepanne

Visp saman egg med væska du vil bruke. Fløyte gir ein krema og fyldig omelett, mens vatn gir ei eggerøre med meir eggesmak og kraftigare gulfarge. Smelt smør i ei steikepanne på middels varme utan at det blir brunt, før eggeblandinga hellast i. La eggeblandinga ligge i ro i panna til ho byrjar å koagulere. Rør så litt rundt i eggeblandinga slik at meir av eggeblandinga blir varma opp og får koagulere. Skyv eggeblandinga litt etter litt over på éi side av steikepanna, eventuelt brett den eine halvdelen over den andre. Kvelv så den ferdige omeletten over på ein tallerken.

Skal du lage ein omelett med fyll, kan fyllet steikast direkte i steikepanna før du tilset eggeblandinga, eller du kan steike fyllet på førehand og tilsetje det undervegs i tillaginga av omeletten, før du bretter han.

Ein omelett kan òg toppast eller bli fylt med garnityr etter at han er kvelvd ut av steikepanna. Omelett eignar seg godt til gratinering. Ved gratinering vil omeletten sufflere, heve seg, viss han ikkje er koagulert heilt hard.

Omelett bretta til ein halvmåne og laga til med grøne blad i ei skål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omelett i omn

Hell eggeblandinga i ei smurd omnsform, og plasser ho i omn med kombinert damp og varmluft på 150 gradar. Rør litt i blandinga dei første 5–6 minutta. Dette vil fordele varmen i omeletten betre, og omeletten blir jamnare og raskare laga til. Steik vidare til all eggeblandinga har koagulert.

Tillaging av omelett i omn eignar seg godt når du skal lage omelett med fyll til mange personar. Du kan steike fyllet på førehand i steikepanne eller i omnsforma i omnen, før du tilset eggeblandinga. Ein omelett- og lunsjklassikar er bondeomelett, der det kan nyttast ulike grønsaks- og kjøttrestar avhengig av tilgang. Til dømes kokt skinke, bacon, pølser, potet, lauk, purrelauk, gulrot, erter og paprika.

CC BY-SASkrive av Kyrre Dybdal.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2024

Læringsressursar

Egg