Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bli kjend med tomaten!

Tomatar blir dyrka både på friland og i drivhus over store delar av verda. Storleiken varierer frå dei
minste cherrytomatane på eit par centimeter i diameter til bifftomatar som kan vege over 250 g. Det
finst tomatar i eit utal variantar, dei kan vere mørkeraude, lyseraude, oransje eller gule.
Store, raude tomatar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal du lære meir om tomaten og korleis han kan lagast til. Oppgåva består av ein teoridel og ein praktisk del med tre oppgåver kvar.

Teoridel

Oppgåve 1

Finn fakta om tomat og skriv ti faktasetningar. Desse setningane bør innehalde noko om:

  • sesong for tomat

  • ulike variantar

  • næringsinnhald

  • tillagingsmetodar

Oppgåve 2

Det er delte meiningar om tomaten er ei berekraftig råvare eller ikkje. Finn informasjon om dette temaet på internett eller i andre kjelder. Etter å ha lese om temaet: Kva meiner du? Argument for synet ditt.

Oppgåve 3

Kva kan du bruke tomaten til? Skriv ei liste over alle rettar og tillagingsmetodar du kjem på. Samanlikn lista di med lista til ein medelev. Har de ulike rettar eller stort sett dei same?

Praktisk del

Oppgåve 4

Gå saman i grupper på to eller tre elevar og vel dykk tre ulike rettar eller tillagingsmetodar for tomat frå listene de skreiv i oppgåve 3. Finn oppskrifter. Fordel oppgåver og skriv ein arbeidsplan. Gå deretter på kjøkkenet og lag rettane.

Oppgåve 5

Smak på tomatar både før og etter varmebehandling. Bak nokre cherrytomatar i omnen med litt olje på. Bak til tomatane så vidt har vorte mjuke og skinnet har byrja å sprekke opp. Smak på nokre cherrytomatar som det ikkje er gjort noko med, og smak deretter på dei bakte tomatane. Korleis vil du vurdere smaken på dei rå tomatane og dei bakte? Har smaken endra seg?

Oppgåve 6

Flå tomatar og lag salsa! Kokk Lise Finckenhagen viser deg korleis du flår tomaten i denne filmen.

Vidare viser Lise Finckenhagen korleis du lagar salsa av flådde tomatar i denne filmen.

Refleksjon

Etter å ha jobba med oppgåvene kan du tenke over:

  • Har du lært noko nytt i dag?

  • Lærte du nokon nye måtar å lage til tomat på?

CC BY-NC-NDSkrive av Einar Martin Kålen og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Tillaging av grønsaker