Hopp til innhald

Fagstoff

Kutteteknikk: lauk, potet og hovudkål

Ved å lære deg dei grunnleggande kutteteknikkane vil du jobbe raskt og effektivt, og maten vil sjå bra ut. Dei fleste grønsaker kan både formast og kuttast på ulike måtar, og i desse filmane blir du kjend med dei vanlegaste metodane.

Kutteteknikk for lauk

Her får du sjå korleis du kan kutte lauken i skiver, båtar og terningar.

Kutteteknikk for hovudkål

Hovudkål med dei tynne blada sine eignar seg godt til å kutte i chiffonade og til å stikke ut figurar av.

Kutteteknikk for potet

I denne filmen får du sjå korleis du kan forme små, fine kuler av poteta, og korleis du kan kutte fine sylindrar.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Maskiner, utstyr og handverksevner