Hopp til innhald

Fagstoff

Pasient- og brukarrettslova

Pasientar og brukarar har ein del rettar etter lov om pasient- og brukarrettar. Alle har rett til umiddelbar hjelp, nødvendig hjelp og eit verdig tilbod frå helse- og omsorgstenestene.
Ein sjukepleiar møter pasientar på venterommet på legekontoret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva står det i lova?

Etter lova har alle pasientar og brukarar rett på nødvendig helsehjelp frå kommunen. Alle har rett på umiddelbar hjelp og hjelp frå spesialisthelsetenesta.

Helsehjelpa kan berre bli gitt med samtykket til pasienten. Det må finnast grunnlag i lov dersom helsehjelp skal bli gitt utan samtykke.

Du har rett på fritt behandlingsval, og du har rett på vurdering og fornya vurdering. Du har rett til ein fastlege og til brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Du har òg rett til sjukeheimsplass eller tilsvarande bustad.

Etter lova skal staten sørgje for at det i kvart fylke er eit pasient- og brukarombod. Eit slikt ombod skal ta opp saker som gjeld spesialisthelsetenesta eller den kommunale helse- og omsorgstenesta. Det kan vere saker frå pasientar, brukarar eller pårørande.

Lova har òg som føremål at alle pasientar og brukarar skal ha tillit til helse- og omsorgstenesta. Dei tilsette skal ta vare på respekten for den enkelte på ein måte som fremjar tryggleik og helse.

Rett til fastlege

Alle i ein kommune har rett til å ha ein lege som står på fastlegelista. Du har rett til å byte fastlege to gonger i året. Asylsøkjarar og familien deira har rett på fastlege når dei er medlem av folketrygda.

Rett til helsehjelp i utlandet

Dersom det manglar tilbod om helsehjelp i Noreg, eller viss det finst dokumentert meir verknadsfull helsehjelp i utlandet, kan du ha rett til å få heilt eller delvis dekt utgiftene til behandling i utlandet. Du har òg rett til å få dekt utgifter til nødvendig helsehjelp under mellombels opphald i andre EØS-land. Utgifter til behandling som det er vedteke at ikkje skal bli tilbydd i Noreg, blir ikkje dekte.

Individuell plan og koordinator

Ein individuell plan skal utarbeidast i samråd med personen sjølv. Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester frå helse- og omsorgstenesta, skal få tilbod om dette. Planen skal vere i samsvar med ulike lover. Til dømes er helse- og omsorgstenestelova, spesialisthelsetenestelova og lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern lovar som skal regulere tenestene i ein slik plan.

Ein koordinator skal sørgje for nødvendig oppfølging av brukar og samordne tenestetilbodet. Det skal bli tilbydd koordinator sjølv om brukaren takkar nei til individuell plan.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig med ei lov om rettar for brukarar av helse- og omsorgstenester?
  2. Kva blir meint med at alle har rett til eit verdig tilbod?
  3. Gjer greie for omgrepa:
    1. samtykke
    2. umiddelbar hjelp
    3. brukarstyrt personleg assistent
    4. spesialisthelsetenesta
    5. fastlege
    6. pasient- og brukarombod
    7. koordinator
    8. individuell plan
Kjelde

Pasient- og brukarrettslova. (1999). Lov om pasient- og brukerrettigheter. LOV-1999-07-02-63. Lovdata. https://lovdata.no/lov/1999-07-02-63

Relatert innhald

Brukarar skal sjølve aktivt medverke og ta avgjerder i forhold som gjeld dei.

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 09.11.2020

Læringsressursar

Regelverk og fagleg forsvarlegheit