Hopp til innhald

Fagstoff

Helse- og omsorgstenestelova

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstenestelova) gjeld for tenester som blir tilbodne av kommunen du oppheld deg i. Helse- og omsorgstenesta i kommunen skal sørgje for tilbod som ikkje staten eller fylkeskommunen tilbyr.
Vegskilt som viser veg til legevakt og koronalegevakt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremålet med lova

Kommunen har plikt til å gi alle innbyggjarar gode levevilkår. Lova legg vekt på sju punkt:

  1. førebygging, behandling og tilrettelegging for meistring
  2. sosial tryggleik, gode levevilkår for vanskelegstilte og likeverd og likestilling
  3. sjølvstende og eit meiningsfullt tilvære for den enkelte
  4. kvalitet og likeverd i tenestetilbodet
  5. tilgjengeleg tenestetilbod tilpassa behova til den enkelte
  6. respekt for integriteten og verdigheita til den enkelte
  7. best mogleg utnytting av ressursane

Ansvaret til kommunen for helse- og omsorgstenester

Når du oppheld deg i ein kommune, skal du vere trygg på at du får nødvendige helse- og omsorgstenester. Det gjeld om du bur fast i kommunen, er på besøk hos vener og familie eller om du er på ferie eller anna mellombels opphald der.

Legevakt er eit døme på eit slikt ansvar kommunen har, men du har òg krav på andre nødvendige helse- og omsorgstenester, som heimebaserte tenester, sjølv om du ikkje er fastbuande i kommunen. Dersom det er fengsel i kommunen, har kommunen ansvaret for helse- og omsorgstenester der.

Tenester for innbyggjarar i kommunen

Bur du fast eller mellombels i kommunen, har du krav på å få helse- og omsorgstenester på eit forsvarleg nivå. Har du eit behov som må følgjast opp med til dømes hjelpemiddel, tilrettelegging eller helseoppfølging, er det kommunen som har ansvaret. Døme på dette kan vere Nav, helsestasjonen for ungdom, heimebaserte tenester eller fastlege.

For nokon kan det vere behov for brukarstyrt personleg assistent (BPA) fordi heimebaserte tenester ikkje er tilstrekkeleg. I BPA-ordninga er brukaren arbeidsleiar, men det er ansvaret til kommunen å følgje opp, gi opplæring og tiltak til dei som treng det.

Bustadtenester

Kommunen har plikt til å finne bustader for vanskelegstilte. Det kan vere kommunale bustader eller bustader kommunen leiger av andre. Vanskelegstilte er personar som av ulike årsaker ikkje kjem inn på bustadmarknaden på grunn av helsetilstand, nedsett funksjonsevne eller alder.

Utfordringar til deg

  1. Kva legg du i omgrepet "nødvendig helsehjelp"?
  2. Kven har krav på nødvendig helsehjelp i kommunen?
  3. Korleis kan kommunen sikre kvalitet og likeverdigheit i tenestetilbodet samtidig som ressursane skal utnyttast best mogleg?

Kjelde

Helse- og omsorgstenestelova. (2011). Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (LOV-2011-06-24-30). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2011-06-24-30

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2020

Læringsressursar

Regelverk og fagleg forsvarlegheit