Lag ein pedagogisk pleieplan
Ein pedagogisk pleieplan gir god øving i bruk av problemløysande metode. I denne oppgåva skal du kartleggje behov og ressursar, føreslå tiltak og grunngi dei ut frå den faglege kompetansen din.
![Pleiar og eldre kvinne ser på fotoalbum saman. Foto.](https://api.ndla.no/image-api/raw/sya7bb5a.jpg?width=1024)
Ta utgangspunkt i situasjonsskildringa i fagartikkelen om problemløysande metode, om Sofie Olsen, eller ein brukar som du kjenner godt frå praksisstaden din.
Oppgåver
- Bruk den problemløysande metoden til å lage ein pedagogisk pleieplan for denne brukaren. Hugs faglege grunngivingar for tiltaka du føreslår.
- Gå saman i grupper.
- Kvar elev presenterer forslaget sitt til pleieplan for dei andre i gruppa.
- Diskuter dei føreslåtte tiltaka og grunngivingane for dei etter at kvar elev har presentert pleieplanen sin.
- Drøft korleis ein pleieplan kan vere nyttig for å planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eige arbeid.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2021