Hopp til innhald

Fagstoff

Å arbeide med rehabilitering

Formålet med rehabilitering er å vinne tilbake fysisk, kognitiv eller sosial funksjonsevne for å meistre kvardagen etter sjukdom eller skade. I denne episoden av serien Helene sjekker inn får du eit innblikk i korleis det er å vere pasient eller å arbeide på eit rehabiliteringssenter.

Utfordringar til deg

  1. Kva forskjellar er det mellom å jobbe på ein sjukeheim og på eit rehabiliteringssenter?

  2. Kvifor er det tverrfaglege samarbeidet så viktig når du jobbar innan rehabilitering?

  3. Kva rolle speler brukarmedverknad i rehabiliteringsprosessen?

  4. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein helsefagarbeidar på eit rehabiliteringssenter?

  5. Kvifor er det viktig at rehabiliteringa går føre seg i alle ADL-aktivitetar?

  6. Korleis kan humor gjere det lettare å takle alvorleg sjukdom eller skade?

Helene møter Michael igjen

I dokumentaren om rehabilitering møtte Helene mellom anna Michael som vart skadd i ei motorsykkelulykke. I filmen under kan du sjå korleis det gjekk med Michael etter opphaldet på Sunnaas.

Refleksjon etter filmen

  1. Kva kan vere årsaker til at livet etter rehabiliteringsopphaldet ikkje vart som Michael hadde tenkt?

  2. Korleis påverka rehabiliteringsopphaldet kvardagen til Michael i ettertid?

  3. Kva trur du det betyr for Michael at han har eiga leilegheit og brukarstyrt personleg assistent i staden for å bu på institusjon?

  4. Kva tenker du om livskvaliteten Michael har i dag?

Relatert innhald

Brukarar skal sjølve aktivt medverke og ta avgjerder i forhold som gjeld dei.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2022

Læringsressursar

Bustad- og institusjonstenesta