Hopp til innhald

Fagstoff

Å arbeide på somatisk sjukehus

Som helsefagarbeidar i sjukehus kan du få opplæring til å utføre oppgåver som tidlegare var reserverte for sjukepleiarar eller andre yrkesgrupper med høgare utdanning.
To helsefagarbeidarar står på kvar si side av ein sengeliggande pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjukehusa tilbyr befolkninga spesialisert behandling. I tillegg har sjukehusa oppgåver når det gjeld forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande. Helse- og omsorgsdepartementet har eit overordna ansvar for alle sjukehus i Noreg, og staten eig dei offentlege sjukehusa. Sjukehusa er organiserte i fire regionale helseføretak.

Kvart enkelt sjukehus kan "spesialisere" seg for å sikre kvaliteten på spesielle utgreiings- og behandlingsoppgåver. Dette gjer at dei ulike sjukehusa har ulike avdelingar og ulike pasientkategoriar.

Dei fleste sjukehus har spesialavdelingar som til dømes radiologisk avdeling, hjarteovervaking, intensivavdeling og fødeavdeling. På spesialavdelingane jobbar i hovudsak personell med spesialutdanning innanfor fagområdet til avdelinga. Dei fleste sjukehus har òg dageiningar med tilbod innan til dømes enkel kirurgi, kreftbehandling, dialyse og anna poliklinisk verksemd.

Arbeidsoppgåvene til helsefagarbeidaren

Arbeidsoppgåvene til helsefagarbeidarar i sjukehus varierer alt etter kva spesialområde eller fagområde den enkelte avdelinga dekker. På ei kirurgisk avdeling består mykje av arbeidet av pre- og postoperativ sjukepleie, mens arbeidsoppgåvene på ei medisinsk avdeling med hjerneslagpasientar er knytte til pleie og omsorg med tanke på rehabilitering.

Pleietyngda varierer etter pasientkategori. På ei geriatrisk avdeling er pleietyngda større enn på ei barneavdeling, sidan foreldra gjerne steller barna sine sjølve.

Her ser du to filmar som viser nokre av arbeidsoppgåvene ein helsefagarbeidar kan ha på eit somatisk sjukehus.

På sjukehusavdelingar er det stor utskifting av pasientar fordi pasientane blir tilbakeførte til vidare rehabilitering og pleie i kommunehelsetenesta når dei er ferdigbehandla.

Helsefagarbeidaren som jobbar på sjukehus, er ein del av eit stort tverrfagleg team som fokuserer på å behandle pasienten ferdig raskast mogleg. I dette tverrfaglege teamet inngår legar, sjukepleiarar og andre yrkesgrupper som til dømes fysioterapeutar, ergoterapeutar, logopedar, sosionomar og ernæringsfysiologar. I tillegg kan samarbeidet involvere representantar frå kommunehelsetenesta i den kommunen pasienten kjem frå.

Utfordringar til deg

  1. Kva tilbod gir dei somatiske sjukehusa?

  2. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for helsefagarbeidarar på somatiske sjukehus?

  3. Nemn døme på avdelingar ved eit somatisk sjukehus som ein helsefagarbeidar kan jobbe på. Kan du tenke deg å jobbe på nokon av desse avdelingane? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

Grunnleggjande sjukepleie handlar om å hjelpe menneske med å få dekt dei grunnleggjande behova sine når dei ikkje er i stand til å gjere dette sjølv.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.01.2024

Læringsressursar

Bustad- og institusjonstenesta