Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Døme på eksamensoppgåver for studieførebuande utdanningsprogram

Her finn du døme på ulike oppgåver du kan få til munnleg-praktisk eksamen i naturfag. Øv åleine eller saman med andre, og bli best mogleg førebudd!
To jenter samarbeider om målingar til laboratorieforsøk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis er eksamensoppgåvene utforma?

Eksamensoppgåva består gjerne av eit breitt tema som dekker mange av kompetansemåla i naturfag. Saman med oppgåva kan du få gitt opp ei liste med forsøk eller andre praktiske oppgåver som du kan bli eksaminert i.

Du bruker førebuingstida til å setje deg inn i det temaet du har fått, og forsøka du har fått gitt opp.

Oppgåve 1. Kosthald, helse og livsstil

Vel eit aktuelt helse- og livsstilsspørsmål som du drøftar, eller ta utgangspunkt i ein av casane i artikkelen Livsstilsvanar hos norske ungdommar.

Presenter det du finn ut.

Tips!

I artikkelen Livsstilen din ligg det eit rekneark som inneheld resultat frå ei stor undersøking om livsstilen til ungdom.

Vel deg eit eller nokre få område som du undersøker nærare. Lag grafiske framstillingar, og presenter det du finn ut.

Aktuelle stikkord

  • Kva blir meint med næringsstoff?
  • Vel eit eller fleire næringsstoff. Forklar korleis dei er bygde opp, kva som skjer med dei i kroppen, og kva som kan vere gode kjelder til desse næringsstoffa.
  • Gjer kort greie for funksjonen til det næringsstoffet / dei næringsstoffa du har valt.

  • Forklar og vis korleis du kan påvise desse næringsstoffa.

  • Kva meiner vi med eit variert kosthald?
  • Kva er samanhengen mellom kosthald og helse?

  • Kva er samanhengen mellom kosthald og miljøgifter?

  • Kommenter påstanden "Det er ikkje berekraftig å ete kjøtt", eller finn ein annan påstand om kosthald og vurder kor påliteleg han er.

  • Kvifor er spørsmålet du har valt, aktuelt?
  • Bruk av programmering. Kan du bruke programmering for å kaste lys over nokre av problemstillingane dine? Sjå til dømes artikkelen KMI-programmering i Python.

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Forsøk: Enzym i spytt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor pålitelig [sic] informasjon frå ulike kjelder er

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • utforske og gjere greie for samanhengar mellom kjemiske bindingar og eigenskapar til ulike stoff

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda

  • vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen

  • gjere greie for korleis nokre miljøgifter kan bli akkumulerte i næringskjeder, og vurdere tiltak for å ta vare på helse og miljø

Oppgave 2. Bruk av bioteknologi

Lag ei problemstilling eller oppgåve om bruk av bioteknologi, og drøft etiske spørsmål knytte til bioteknologi. På oppgåvesida Vurder argument om etiske problemstillingar i bioteknologi finn du døme på problemstillingar du kan ta utgangspunkt i.

Aktuelle stikkord

  • Kva er DNA?

  • Kva er samanhengen mellom gen, kromosom, DNA og eigenskapar?
  • Korleis kan eigenskapar gå i arv frå generasjon til generasjon?
  • Arv og miljø
  • Kva er bioteknologi?

  • Døme på bruk av bioteknologi.

  • Vel eit døme på bruk av bioteknologi som du presenterer i meir detalj:
    • Kva er prinsippa bak teknologien?
    • Kva blir han brukt til i dag?
    • Kva mogelegheiter kan han gi i framtida?

    • Kva etiske spørsmål reiser bruk av denne teknologien?
    • Drøft aktuelle fordelar og ulemper.
    • Gi din eigen konklusjon der du veg fordelar opp mot ulemper.

  • Bruk av programmering. Kan du bruke programmering for å kaste lys over nokre av problemstillingane dine? Sjå til dømes sida Krysning og arv – programmering i Python.

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Genetisk hjul

Forsøk: Isoler ditt eige DNA

Forsøk: Mikroskop – innstilling og bruk

Forsøk: Oppbygginga til laukcella

Forsøk: Utforsk eigne celler

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • beskrive DNA og korleis eigenskapar blir arva, og gjere greie for korleis arv er ein føresetnad for evolusjon

  • gi døme på bruk av bioteknologi og drøfte etiske spørsmål knytte til bioteknologi

  • utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda

  • vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen

Oppgave 3. Mytar og faktum om stråling

Lag ei problemstilling eller oppgåve om stråling, eller ta utgangspunkt i casen under.

Case: Nabo som er skeptisk til stråling

Tenk deg at du har ein nabo som har store helseplager. Vedkommande meiner dette kjem av stråling frå trådlause nettverk, og hen vil at alle naboane skal skru av dei trådlause netta sine og gå over til kabla internett. Foreslå moglege løysingar på denne situasjonen.

Aktuelle stikkord

  • Beskriv nokre sentrale bølgefenomen.
  • Forklar hovudprinsippa for trådlaus kommunikasjon.
  • Gi døme på kva slik teknologi blir brukt til.

  • Ta utgangspunkt i påstandar om stråling og diskuter desse med bakgrunn i fagkunnskap, gjerne kopla til nokre av forsøka i lista under.
  • Bruk av programmering. Kan du bruke programmering for å kaste lys over nokre av problemstillingane dine? Sjå til dømes sida Bryting og overlagring – programmering.

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Laserlys i vasstråle

Forsøk: Lysbryting (simulering)

Forsøk: Lys, fargar og fargesyn (simulering)

Forsøk: Kor effektiv er solkremen?

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda

  • vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen

  • utforske og beskrive nokre sentrale bølgjefenomen

  • forklare hovudprinsippa for trådlaus kommunikasjon og gi døme på kva slik teknologi blir brukt til

  • utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserande stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffektar av ulike strålingstypar

Oppgave 4. Miljøet rundt oss

Lag ei problemstilling eller oppgåve som tek for seg sentrale miljøproblem i Noreg og verda i dag.

Aktuelle stikkord

  • Kva går problemet ut på?

  • Kvifor og korleis har det blitt eit problem?

  • Kva kan vi gjere for å løyse problemet?

  • Kva rolle har teknologi når det gjeld å løyse slike problem? Kan teknologi òg vere med på å skape problem?

  • Bruk av programmering. Kan du bruke programmering for å kaste lys over nokre av problemstillingane dine? Sjå til dømes Python-simulator for klimatiltak.

Forsøk

Forslag til forsøk

Vurder miljøtilstanden i vatn og vassdrag (utvalde målingar)

Forsøk: Lag din eigen bioplast

Forsøk: Forsuring av vatn

Forsøk: Skjel og havforsuring

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske eigenskapar og reaksjonar til nokre organiske og uorganiske karbonsamband, gi døme på korleis dei blir anvende, og gjere greie for kva betydning karbonet har for livet på jorda

  • utforske og gjere greie for samanhengar mellom kjemiske bindingar og eigenskapar til ulike stoff

  • utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda

  • vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen

  • gjere greie for korleis klimaendringar påverkar evolusjon, utbreiing av artar og biologisk mangfald

  • gjere greie for korleis nokre miljøgifter kan bli akkumulerte i næringskjeder, og vurdere tiltak for å ta vare på helse og miljø

Oppgave 5. Presenter ei sjølvvald problemstilling

I løpet av skuleåret har du jobba med ei sjølvvald problemstilling. Presenter det du har funne ut, og argumenter for den metoden du valde å bruke.

Aktuelle stikkord

  • Kvifor valde du denne problemstillinga?
  • Kva hypotesar har du jobba med?
  • Korleis undersøkte du om hypotesane stemde?
  • Kva fann du ut?
  • Korleis heng det du har funne ut, saman med andre emne i naturfag og andre fag?
  • Korleis er det du har funne ut, relevant for utdanningsprogrammet ditt?

  • Bruk av programmering. Har du brukt programmering for å kaste lys over nokre av problemstillingane dine?

Forsøk

Her må aktuelle forsøk tilpassast den problemstillinga du har jobba med.

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda

I tillegg kjem kompetansemål som er spesifikke for den problemstillinga du har vald.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i naturfag (NAT01‑04). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nat01-04

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2023

Læringsressursar

Eksamen i naturfag