Hopp til innhald

Fagstoff

Eksamensordning i naturfag for elevar og privatistar

Eksamen i naturfag er munnleg-praktisk. Det betyr at eksamen er muntlig og har en praktisk del. Han består av ein førebuingsdel og ein del med eksaminasjon.
Ung mann i rutete skjorte ser på tusjtavle fylt med kjemiske formlar skrivne med blått. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Munnleg-praktisk eksamen

Alle som har naturfag på vidaregåande, får ei munnleg-praktisk prøve viss dei blir trekte ut til eksamen i naturfag. Dette betyr at eksamenen er munnleg, og at han skal ha eit praktisk innslag. Eksamenstida er inntil 45 minutt.

Lokalgitt

Eksamensoppgåva blir laga på skulen din og blir derfor kalla lokalgitt. Faglæraren din lagar oppgåva i samarbeid med ein lærar (sensor) frå ein annan skule.

Trekkfag

Naturfag er eit trekkfag. Det betyr at du kan bli trekt ut til eksamen i faget. Omtrent 20 prosent av vg1-elevane blir trekte ut til eksamen i eitt fag. 48 timar før sjølve eksamenen får du vite om du har blitt trekt ut.

Eksamen for elevar

Viss du er elev, kan du bli trekt ut til munnleg-praktisk eksamen med førebuingsdel. Eksamenen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Eksamen for privatistar

Viss du har meldt deg opp som privatist, skal du opp til munnleg-praktisk eksamen. Eksamenen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Førebuingsdel

Du får vite om du har blitt trekt ut til eksamen, 48 timar før eksamensdagen. Helge- og heilagdagar tel ikkje med. Det betyr at viss du blir trekt ut til eksamen på ein fredag, vil eksamensdagen bli den følgande tysdagen.

Tida frå eksamensoppgåva blir delt ut, blir kalla førebuingstid. Dei aller fleste fylka har lang førebuingstid (48 timar) for elevar, mens privatistar har kort førebuingstid (45 minutt).

Lang førebuingstid

  • Du får utdelt tema/problemstilling inntil to dagar før eksamen. Temaet/problemstillinga må vere omfattande nok til at det vil vere naturleg å trekke inn fleire delar av læreplanen under sjølve eksaminasjonen.
  • Du skal førebu deg på å legge fram det temaet eller den problemstillinga du har fått tildelt. Det er ikkje noko krav om at dette må vere ein digital presentasjon, men for mange vil det vere til god hjelp å ha nokre lysbilete som støtte når dei presenterer.
  • Alle hjelpemiddel er tillatne i førebuingstida.

Kort førebuingstid

  • Førebuingstida er vanlegvis på 45 minutt, og førebuingane skjer på skulen.
  • Når førebuingstida startar, får du utdelt eit tema eller ei oppgåve.
  • Alle hjelpemiddel er tillatne, òg internett og kommunikasjon.

Praktisk del

Gut sit ved bord med verktøy og utstyr til forsøk. Foto.

Ein munnleg-praktisk eksamen inneber at du får ei praktisk oppgåve som du skal gjennomføre og forklare/drøfte i løpet av eksamen. Oppgåva blir henta frå forsøk eller aktivitetar som har vore gjennomførte i faget. Nokre gonger blir den praktiske oppgåva gitt i førebuingsdelen.

Eksaminasjon

Eksaminasjonen varer i inntil 45 minutt.

Presentasjon eller oppgåve frå førebudd del

Ung, smilande kvinne presenterer framme i eit klasserom. Foto.

I denne delen av eksamen skal du presentere det du har førebudd i førebuingsdelen. Ver merksam på at vurderinga blir basert på den faglege forståinga du viser i løpet av presentasjonen. Korleis presentasjonen er laga eller blir framført, skal ikkje vurderast.

Det er vanleg at denne delen av eksamen varer i omtrent 15 minutt.

Fagsamtale med faglærar/eksaminator

Etter at du har presentert det du har jobba med i førebuingsdelen, vil faglærar/eksaminator innleie ein fagsamtale. Samtalen tek gjerne utgangspunkt i det du har presentert frå den førebudde delen. I tillegg vil han dreie seg om emne frå andre delar av læreplanen. På den måten vil du få moglegheita til å vise at du har ulike typar kompetanse frå ulike område.

Det vil òg vere ein lærar frå ein annan skule til stades under eksamen. Denne læraren blir gjerne kalla sensor og skal saman med faglærar/eksaminator vere med på å gi deg ei vurdering. Nokre gonger kan sensor delta i fagsamtalen og stille oppfølgingsspørsmål viss noko er uklart.

Det er vanleg at denne delen av eksamen varer i inntil 30 minutt.

Vurdering

Når eksamen er over, går du ut av eksamenslokalet. Faglærar og sensor går gjennom det du har vist i løpet av eksamen, vurderer det opp mot vurderingskriteria og set ein karakter.

Når du kjem inn igjen, vil sensor fortelje deg kva karakter du har fått, med ei kort grunngiving knytt til vurderingskriteria.

Vurderingskriterium

Dei enkelte fylka har utarbeidd vurderingskriterium for munnleg-praktisk eksamen. Desse inneheld informasjon om kva ein legg vekt på i vurderinga. Det er ein god idé å ta utgangspunkt i desse når du førebur deg. Du finn vurderingskriteria som gjeld for fylket ditt, på nettsida til skulen din.

I rammedokumentet for munnleg-praktisk eksamen i naturfag for elevar i Østfold fylke kan du sjå eit døme på vurderingskriterium.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle, Monica Svorkmo-Lundberg og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2023

Læringsressursar

Eksamen i naturfag