Komponentane i ei datamaskin
Kva er det som må vere på plass for at ei datamaskin skal fungere? Vi ser på dei seks hovudkomponentane til det som utgjer datamaskina:
- hovudkort
- prosessor
- minne
- skjerm og skjermkort
- harddisk
- straumforsyning
Periferiutstyr
I tillegg snakkar vi om periferiutstyr. Kva er det? Periferi kan tyde «omkrins» eller «utanfor/ytterkant». Dette er altså utstyr som kan knytast til eller koplast mot datamaskina og gi ein meirverdi, men som ikkje inngår i sjølve datamaskina. Eksempel på periferiutstyr er ein ekstern harddisk eller ein USB-minnepinne.
Val og kjøp av datamaskin
Kva er viktig når du skal byggje ei datamaskin? Det er mykje som må avklarast, både når det gjeld komponentane i datamaskina og kva for ønskjer og økonomi brukaren av utstyret har. Her skal du lære meir om sjølve bygginga, klargjering av arbeidsstasjon og val av operativsystem.
CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2019