Heldigvis er ulykker med farleg gods nokså sjeldne. Dei fleste ulykker skjer faktisk i samband med lasting og lossing. Men skjer det først noko, kan konsekvensane bli store.
Det er i stor grad korleis ein handterer det farlege godset, som avgjer kor farleg det er. Oppgåva di er altså vere medviten om ansvaret ditt. Du må vite kva reglar som gjeld for ulike typar farlege stoff og transportar, og du må sørgje for at du alltid følgjer desse reglane.
CC BY-SASkrive av Per Haukeberg og Bernhard Hauge.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2018