Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Laging av sorbé

I desse oppgåvene skal du utforske ulike måtar å lage sorbé på, og du skal teste konsistens og haldbarheit.
Ulike typar sorbéar i skåler, med forskjellige typar frisk frukt og bær rundt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sorbé kan lagast på fleire måtar. I denne oppgåva skal du teste ut kva for ein av måtane du synest gir best resultat.

Oppgåve 1

Finn ei grunnoppskrift på bringebærsorbé, og lag dobbel porsjon. Del så smeten i tre delar.

  1. Ein tredel skal du køyre i ismaskin.
  2. Ein tredel skal du tilsetje litt smelta gelatin og køyre i ismaskin.
  3. Ein tredel skal du fryse for hand. Her tilset du i tillegg piska eggekvite i smeten og rører omtrent kvart 15. minutt.

Husk å merke sorbéane tydeleg slik at dei ikkje blir blanda saman på frys.

Oppgåve 2

Legg opp ei kule av sorbéane på kvar sin tallerken.

  1. Smak på kvar av sorbéane, og beskriv konsistensen. Er det nokon forskjell i konsistens på dei tre sorbéane? Kva for ein likte du best?
  2. Registrer kor fort isane smeltar etter at du har lagt dei opp. Er det nokon forskjell på kor fort dei smeltar?
  3. Kva er fordelane og ulempene med dei tre måtane å lage sorbé på?
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2020

Læringsressursar

Isdessertar