Hopp til innhald

Fagstoff

Omnsbaking av grønsaker

Dei fleste grønsaker kan vi lage til ved å steikje/bake dei i ein omn. Heile grønsaker på salt, oppkutta med olje, med urter og med krydder – variantane er mange. Temperatur, storleik og tid påverkar smak, tekstur og utsjånad.
Omnsbakte rotgrønsaker, raudlauk og frisk timian. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi omnsbaker grønsakene, gjer vi det som oftast i ein omn med varmluft. Det er òg mogleg å nytte over- og undervarme, men for å få fordelt varmen best mogleg er varmluft det beste.

Omnsbaking av heile grønsaker

Når vi baker heile grønsaker, er det ofte på ei seng av salt over lengre tid. Dette gir ein god smak og ein saftig, smakfull rett.

Saltbakt sellerirot

  1. Set omnen på 200 gradar.
  2. Vask sellerirota så du fjernar jord og ureinskap.
  3. Dekk ei eldfast form eller ein bakke med grovsalt, og set sellerirota oppå.
  4. Steik sellerirota i omnen i cirka 1 time eller til ho er mjuk inni.
  5. Skrell av skalet og server sellerirota anten i bitar eller most saman med litt fløyte/smør til ein sellerirotpuré.

Vi må ikkje nytte salt for å kunne bake heile grønsaker.

Video

Sjå denne filmen frå 1.56 og sjå korleis kokken Kjartan baker heil gulrot i omnen.

Omnsbaking av oppdelte grønsaker

Ved å dele grønsakene i bitar, som terningar, stavar eller grovkutt, reduserer du tillagingstida. Du kan då tilsetje både urter, olje og ulike krydder. Som ved andre tillagingsmetodar vil tid og temperatur gi utslag i tekstur, farge og smak.

Omnsbakte rotgrønsaker

  1. Forvarm omnen til 200 gradar.

  2. Kutt opp rotgrønsaker som gulrot, pastinakk, betar og jordskokk i like stor bitar.

  3. Bland rotgrønsakene med olivenolje, litt havsalt, pepar, frisk timian og rosmarin.

  4. Steik i omn i cirka 20 minutt eller til grønsakene er mjuke, men har litt tyggejmotstand. Du kan med fordel røre litt i grønsakene undervegs i steikjetida.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2021

Læringsressursar

Tillaging av grønsaker