Hopp til innhald

Fagstoff

Lunsjbord

Lunsj er for dei fleste det andre store måltidet i løpet av dagen. Ein et lunsj mellom frukost og middag. Eit lunsjbord består av mange rettar, både kalde og varme, i tillegg til dessert. For gjestar som har avgrensa tid, har eit lunsjbord mange fordelar.
Bakkar med ulike matrettar på ein lunsjbuffé. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lunsj

Lunsjen et ein midt i ein travel arbeidsdag, og menyen må ikkje vere for kraftig, slik at gjestane framleis er opplagde når dei skal tilbake til jobb. Han må i tillegg serverast raskt fordi det som oftast er sett av ei viss tid til å ete han. Lunsjbord er dermed ofte ei god løysing. Maten er ferdig lagd opp på bufféen, slik at gjestane kan forsyne seg med det same dei kjem. Gjestane blir aktiviserte fordi dei må hente maten sjølve, og slepp å sitje og vente på at maten skal bli servert.

Lunsjbordet har ofte fleire rettar å velje mellom, og gjestane kan velje den typen mat dei liker best. Vi nyttar enklare rettar til lunsj enn til dei andre varme måltida.

Eit lunsjbord inneheld mange av dei same rettane som eit frukostbord, med unntak av kornprodukta. Eit lunsjbord har som oftast fleire kalde rettar, nokre varme rettar og dessertar.

Kalde rettar

  • graven eller røykt fisk med eggerøre
  • skaldyr som reker og krabbe, servert naturell eller i salat
  • hamburgarrygg eller krydderskinke
  • roastbiff med remulade
  • assortert spekemat med eggerøre, rømme og potetsalat
  • heile steiker
  • kald kylling med waldorfsalat

Varme rettar

  • eit utval av dei fiskerettane som skal vere hovudrett til lunsj
  • eit utval av dei kjøttrettane som skal vere hovudrett til lunsj
  • pastarettar
  • eggerettar
  • supper
Kvit fisk med potet, tomat, lauk, oliven og basilikum i ei form. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilbehøyr

  • brød: gjerne fleire typar brød – smaksette, grove og fine, glutenfrie – flatbrød og kjeks

  • smør: ulike typar smør eller margarin, og gjerne lettmargarin for dei som ønsker dette

  • sausar: majones, aioli, rømmesausar og cocktaildressing

  • salatar: grøn salat, pastasalat og waldorfsalat

Dessertar

  • frukt som er posjert eller skoren i skiver, eller fruktsalat
  • puddingar og fromasjar med passande dessertsausar
  • kremar
  • isdessert

Mengdeberekning

Kor mykje mat ein skal rekne, er avhengig av kor stort lunsjbordet er, og mengda kjøtt og fisk avheng av tilbehøyret. Rekn om lag 500–600 g mat per person, inkludert tilbehøyr.

Drikke

Isvatn, mineralvatn, jus, kaffi og te.

Tre porsjonsglas med lys pudding med fruktsalat på toppen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Når du skal lage mat til fleire, kan det vere greitt å vite kor mykje du skal rekne per person av kvar enkelt råvare.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2022

Læringsressursar

Buffé