Historikk
Det blir produsert ein god del vin i fleire austeuropeiske land, og tradisjonen er gammal. Funn som har vorte gjorde, viser at det har vorte dyrka vin i 3000–5000 år i desse områda. Men under kommunisttida skjedde det inga utvikling, så produksjonen var stort sett svært umoderne. Nokre unntak var det i Ungarn og det tidlegare Jugoslavia, som var meir vestorienterte. Elles blir det produsert vin i Bulgaria, Romania, Moldova, Ukraina og Georgia. Når det gjeld dei fire siste landa, blir vinen brukt stort sett i aust.
Bulgaria har etter kvart opparbeidd eit relativt bra og stabilt utval i listene til Vinmonopolet, særleg av raudvin. Kvaliteten er stort sett god i forhold til pris, noko som så avgjort er gunstig. Det blir brukt både franske og lokale druer, også i blanding. Landet blir delt inn i fem regionar og har ei vinlov med to kvalitetsinndelingar.
Vinlov
DGO
DGO er vinar med geografisk tilknyting og kan omfatte ein region, eit distrikt eller ein by. Som i Vest-Europa er det strengare krav jo mindre område.
Controliran
Dette er den høgaste kvaliteten, og kriteria omfattar mellom anna spesifiserte druetypar dyrka i bestemde område.
Den nordvestre regionen
Den største regionen er den nordvestre, med over ein tredel av produksjonen i landet. Her finn vi mellom anna Pleven og Suhindol, som vi kjenner godt i Noreg. Det er kanskje først og fremst Cabernet Sauvignon-vinane som har gjort det bra, men også Merlot, gjerne i blanding med lokale Gamza.
Austregionen
Austregionen strekkjer seg ut mot Svartehavet og Bulgarias nest største by Varna. Regionen omfattar Preslav og Sjumen og er nest størst, med litt under ein tredel av produksjonen i landet. Det blir produsert brukbare kvitvinar av Chardonnay og Riesling pluss ein del andre lokale og utanlandske druer. Særleg chardonnayvinane har oppnådd anerkjenning.
Den sørlege regionen
Den sørlege regionen strekkjer seg ned mot grensa til Hellas og er den tredje største. Her finn vi Plovdiv med Stambolovo og Asenovgrad, som begge har hatt vinar i listene til Vinmonopolet. I tillegg til dei ovannemnde raudvinsdruene dyrkar ein den lokale Mavrud-drua. Ho gir ein kraftig vin med stort lagringspotensial.
Til mat
Cabernet Sauvignon
Cabernet Sauvignon-vinane kan ha litt krydra eikepreg, så dei går også til litt kraftigare mat enn okse og lam.
Merlot og Gamza
Desse druene gir ein blaut, rund vin med litt krydder, som passar til lyst kjøt, lam, ost og buffé.
Mavrud
Vinar som er laga på Mavrud-druer, går til storfe, vilt og gryterettar.