Hopp til innhald

Fagstoff

Portugal

I Portugal blir det produsert vin nesten over heile landet, men landet har ikkje hatt noko stort namn når det gjeld kvalitetsvin.
bilde av tradisjonelle portvinsbåter liggendes i havnen i Porto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vinproduksjon i Portugal

Kart over vinregionene i Portugal. Foto.

I Portugal blir det produsert vin nesten over heile landet, men landet har ikkje hatt noko stort namn når det gjeld kvalitetsvin. Produksjonen gjekk føre seg hos mange lokale vinbønder som brukte umoderne metodar, og vinen blei i stor grad brukt innanlands.

Dei som blei kjende utanfor Portugal, var enkelte produsentar som klarte å få fram merkevin. Forbrukarane kjende altså til den bestemde vinen, Mates, Lancers, Grao Vasco eller Periquita, men visste ikkje noko om kvalitet eller distrikt slik vi for eksempel omtaler bordeauxvin eller riojavin. Derfor har ikkje vinloven hatt like mykje å seie i Portugal som han har hatt i andre land. Men då Portugal blei EU-medlem, måtte dei innføre ein lov på linje med dei andre EU-landa.

Vinloven

I Portugal har loven offisielt berre tre klassar, ein for bordvin og to for kvalitetsvin, men vinho de mesa førekjem.

Denominação de Origem Controlada (DOC)

Denne gruppa svarer til den franske AOC og stiller krav til bestemde druer, regionar, årgangsnemningar, dyrking og avkastning. Ho har òg eit bestemt segl som er ein garanti frå staten for at vinen er ekte.

Indicação de Proveniência Regulamentada (IPR)

Denne gruppa svarer sånn omtrent til franske VDQS og har òg strenge reglar for region, druer, årgangar m.m. Det er ofte vinar som prøver å få DOC-nemning.

Vinho Regional (VR)

Desse svarer til franske vin de pays og kjem frå eit bestemt geografisk område.

Vinho de Mesa

Dette er ein blandingsvin utan noka bestemd tilknyting.

Dersom årgang eller druetype er oppgitt på etiketten, skal det gjelde 85 prosent av innhaldet. Elles finst det ein del gamle uttrykk som framleis er i bruk, men som ikkje er offisielle etter loven.

Reserva: Årgangsvin av høg kvalitet. Han må ha alkoholstyrke på 0,5 prosent over lovleg minimum.
Garrafeira: Årgangsvin med høg kvalitet og alkoholstyrke på 0,5 prosent over lovleg minimum. I tillegg må raud vere lagra i minst 3 år, 1 av dei på flaske, kvit er lagra i 1 år med 0,5 år på flaske.
Velho: Betyr gammal og blir brukt om raudvinar med minst 3 års lagring og kvitvinar med minimum 2 år.

Kulturlandskap med gammelt steinhus i forgrunnen.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Vinplanten Vitis vinifera, som er føresetnaden for det meste av vinproduksjonen, reknar ein med oppstod ved foten av fjella i Kaukasus, 8000–6000 år f.Kr.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Andre vinområde