Hopp til innhald

Fagstoff

Toscana

Toscana ligg omtrent midt mellom Milano og Roma og omtrent midt mellom Liguriahavet og Adriahavet. Midt i Italia, altså.
Deltakarar i vintønneløpet "Bravio delle Botti" rullar vintønner framfor seg oppover ei gate i Montepulciano. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Chianti

Sju område kan kalle vinen sin chianti, mellom andre Chianti Rufina og Chianti Colli Senesi. Men som i dei fleste italienske vinområda er det sentrale, opphavlege delområdet rekna som det beste, og får namnet Classico. I Chianti blir altså Chianti Classico rekna som det ypparste.

Uansett område er raudvin frå Chianti basert på drua Sangiovese, anten åleine eller blanda med ein liten del andre lokale druer. Vinen smaker av raude og mørke bær, med tydelege kirsebærtonar, urter og krydder, og som regel hint av tre og vanilje frå eit opphald på eikefat.

Brunello di Montalcino

Ved byen Montalcino sør for Chianti blir det òg dyrka Sangiovese. Her blir druene til vinen Brunello di Montalcino, som er ein lagringsdyktig og fast raudvin – ein klassikar til mellom anna viltretter.

Til liks med Nebbiolo frå Piemonte er Sangiovese ei drue som utviklar seg relativt raskt for å vere ein lagringsvin. I løpet av få år får vinen finstemde aromaer av tørka frukt, sopp og treverk i tillegg til dei friskare kirsebærtonane. Dette gjeld mellom anna brunello.

Vino nobile di Montepulciano

Her gjeld det å halde tunga rett i munnen. For her er det snakk om vin av drua Sangiovese frå byen Montepulciano endå lenger sør i Toscana. Det er ikkje vin av drua som forvirrande nok også heiter Montepulciano, og som blir brukt i provinsen Abruzzo aust for Roma.

På ein måte er vinen herfrå midt mellom chianti og brunello i stil. Vino nobile er noko mørkare i stilen og låner finessen og elegansen frå chianti, og fastleiken og krafta frå brunello.

Kart over vinområda i Sentral-Italia. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Supertoskanarar

Italienarane er gode på byråkrati, og det har gjennom åra vore strenge reglar for kva druer som kan vere med for at vinen skal kunne kallast til dømes chianti. Lovene og reglane gjorde lite for å sikre kvaliteten, meinte nokon. På 1970-talet gjekk nokre vinmakarar lei av regelrytteriet og planta internasjonale druer som Cabernet Sauvignon og Merlot i Toscana. Dei modna dei på små franske eikefat, og skapte vinar som var heilt annleis enn dei tradisjonelle.

Dette vart etter kvart forseggjorde, dyre, kritikarroste vinar – som komisk nok vart selde under nemninga bordvin eller Vino da Tavola, den lågaste på rangstigen. Bolgheri på vestkysten av Toscana vart hovudsetet for desse supertoskanarane. Stilen med solid eikepreg og kraftige vinar har framleis sine tilhengjarar, men dei klassiske områda har teke opp kampen og gått tilbake til å fokusere på kvalitet.

Til mat

  • Chianti passar til lette kjøttrettar, pizza og pasta.
  • Brunello di Montalcino passar til vilt eller kraftige rettar av storfe.
  • Vino nobile de Montepulciano passar til storfe, lam med urter og småvilt.
  • Montepulciano d'Abruzzo passar til lette kjøttrettar, grillmat og pizza. Med meir tannin passar han òg til lam og småvilt.
CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 12.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Italia