Hopp til innhald

Fagstoff

Italia

Italia konkurrerer med Frankrike om å vere den største vinprodusenten i verda, og dei siste åra har Italia vore størst.

Vinlandet Italia

Kart over dei ulike vinområda i Italia. Illustrasjon.

I Italia har kvar region sine druer og sin måte å lage vin på. Vin frå Italia er berømt over heile verda. Prosecco, barolo og amarone er nokon av dei mest kjende.

Klima og geografi


Nord i Italia kan det vere kjølig, mens det er varmt i sør. Nokre område har skog og fjell, andre har strender og flatmark. I nord et dei kjøtt, mjølk, smør og sopp. I sør veks det sitronar, tomatar og oliven.

Italia er eit ungt land og eit stort land. Derfor tenkjer italienarane meir på sin eigen region enn på landet samla sett. Vinen og maten blir laga slik dei har vorte laga i nærområdet i generasjonar.

Det betyr at Italia har fleire druetypar enn noko anna land. Kvart område har sine føretrekte druer, ofte fleire grøne og fleire blå druer. Uansett er italiensk vin som regel lett å drikke, lett å forstå og lett å like. Vin er ein naturleg del av eit tradisjonelt italiensk måltid, og vinen frå eit område vil som regel passe godt til maten dei et i dette området.

Viktige område


Piemonte i nordvest, Toscana midt i landet og Veneto i nordaust er viktige regionar for kvalitetsvin. Puglia i sør har stor produksjon og gryande kvalitetsfokus. Vin får høgare kvalitet når druene blir dyrka i kjølige område, og i Italia er det ofte høgda over havet som kjøler ned druene.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Vinområde i Italia