Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kost til laktoseintolerante

Fleire kundar/brukarar/pasientar treng tilpassa kost på grunn av sjukdom, allergi eller livsstil. I denne oppgåva skal du få jobbe med kost til laktoseintolerante.
Ulike meieriprodukt som mjølk, Biola, cottage cheese, yoghurt og Skyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Skriv litt om ein kva endringar du må gjere med mat som skal serverast til personar med laktoseintoleranse. Kva inneber dette når du skal lage mat?

Oppgåve 2

Lag ein dagsmeny med frukost, lunsj, middag og kveldsmat. Denne menyen skal tilpassast til personar med laktoseintoleranse. Menyen skal vere mest mogleg variert og innehalde både energigivande næringsstoff, vitamin og mineral.

Oppgåve 3

Finn oppskrifter og lag bestilling på råvarer til eit av måltida frå oppgåve 2. Måltidet skal lagast på kjøkkenet og presenterast på ein buffé. Måltidet skal innehalde både mat og drikke.

Presenter måltidet og tilpassingane du har gjort, for resten av klassen. Lat dei få smake.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Laktoseredusert kost