Ordet vitamin kjem av «vita», som betyr liv, og «amin», som er ei kjemisk nemning på organiske stoff som inneheld nitrogen. Det er likevel berre enkelte B-vitamin som inneheld nitrogen.
Vi kjenner i dag til 13 ulike vitamin som er livsnaudsynte for oss menneske, men vi treng berre ørsmå mengder av dei – frå nokre tusendels gram til nokre titals milligram. Vitamin er svært ulike. Dei har ulik kjemisk oppbygging, og dei har heilt ulike oppgåver i kroppen.
To grupper vitamin
Vi deler vanlegvis vitamin inn i desse to gruppene:
- vassløyselege vitamin (B-vitamin og vitamin C)
- feittløyselege vitamin (vitamin A, D, E og K)
Når vi veit om eit vitamin er feittløyseleg eller vassløyseleg, kan det òg fortelje oss noko om
- matvarene vi finn vitaminet i
- korleis vitaminet blir absorbert av kroppen
- korleis vi bør lage maten for å ta best mogleg vare på vitamina
Dei vassløyselege vitamina
- blir lettare øydelagde ved tillaging enn dei feittløyselege
- blir ikkje lagra i kroppen og må derfor tilførast dagleg
- må trekkjast ut av blodet når det er behov for dei
- forlèt kroppen via urinen dersom dei ikkje blir nytta innan kort tid, så faren for overdose og forgifting er derfor liten
Dei feittløyselege vitamina
Dei feittløyselege vitamina blir lagra i levra og i feittvevet over lengre tid.
Lenkjer til artiklar om vitamin
Vassløyselege vitamin:
Feittløyselege vitamin:
Hugselappen
- Eit variert kosthald basert på tilrådingar frå Helsedirektoratet vil gi deg mykje vitamin.
- Tilskot er naudsynt for nokre grupper, som gravide, sjuke, barn og eldre.
- Ein lege kan tilrå ekstra inntak utover eit variert kosthald og ein sunn livsstil.
CC BY-NC-SASkrive av Nils H. Fløttre og Øyvind Bønes.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019