Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tilpassa kost – allergiar

Å tilpasse menyar til gjestar med allergiar og intoleransar kan vere utfordrande. Det krev kunnskap om råvarer og ulike allergiar og intoleransar.
Peanøtter blir tømde frå eit papir og ned på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Meny

Krema jordskokksuppe, bakt jordskokk, sprøsteikt bacon, urteolje, focaccia

*

Bresert svineknoke, omnsbakte rotgrønsaker, sylta raudlauk, blomkålpuré, bearnés-saus, Anna-poteter

*

Sjokoladefondant, vaniljeis, marinerte jordbær, røsta peanøtter

Oppgåve 1

Merk menyen med dei allergena produkta inneheld.

Oppgåve 2

Ein av gjestane har mjølkeallergi og kveiteallergi. Kva endringar vil du gjere for denne gjesten?

Oppgåve 3

Nokre av gjestane er muslimar, og éin av gjestane har peanøttallergi. Kva endringar vil du gjere for dei?

Oppgåve 4

Du skal lage denne menyen til eit selskap der alle dei nemnde tilpassingane må vere med. Korleis vil du løyse dette når de skal lage og servere mat til selskapet?

  • Får dei som treng tilpassingar, eigen meny?

  • Endrar du menyen til alle?

  • Får dei med tilpassingar eigne servitørar, eller løyser de dette undervegs?

  • Korleis kvalitetssikrar du at dei med tilpassingar får riktig meny?

Oppgåve 5

Vel drikke til alle dei tre rettane, og inkluder tilpassingane.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Allergi