Hopp til innhald

Fagstoff

Problemløysande metode

Som helsefagarbeidar må du kunne kartleggje brukarane og pasientane sitt funksjonsnivå og behov for bistand. Ut frå dette skal du, i samhandling med brukaren eller pasienten, kunne lage eigne forslag til planar for den pleia som skal bli gitt.

Problemløysande metode i sjukepleie

Problemløysande metode blir òg kalla sjukepleieprosessen, og han beskriv korleis vi kan gå fram for å sikre heilskapleg og individuell sjukepleie.

Føremålet med ein slik metode eller plan er å sikre at brukaren får den hjelpa han eller ho har krav på, og at vi jobbar mot felles mål og er løysingsorienterte. I tillegg er det ei lovpålagd oppgåve å dokumentere dei tilboda brukaren får.

For at du skal kunne yte god sjukepleie, må du som helsefagarbeidar skaffe deg opplysingar om brukaren. Opplysingane gir deg oversikt over kva han eller ho treng hjelp til, og dei dannar grunnlaget for å skrive ein plan.

Situasjonsskildring

Sofie Olsen bur på sjukeheim. Ho har alltid vore sosial. Ho er enkje, men har to døtrer med familie som bur i nærleiken. Sofie Olsen har diagnosen Alzheimers sjukdom, og ho har ein del problem forbunde med dette – mellom anna gløymer ho ofte å ete og drikke. Den siste tida har ho gått ned i vekt, og ho har symptom på dehydrering.

Ein helsefagarbeidar hjelper ei gammal dame med å halde kaffikoppen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fem trinna i metoden

Nedanfor kan du sjå døme på korleis det er mogleg å nytte den problemløysande metoden i sjukepleia slik at Sofie Olsen får dekt ernæringsbehovet sitt.

1. Datasamling

Det er viktig å samle inn data for å få fram alle opplysingane som har noko å seie for den pleia Sofie skal få.

Vi samlar inn data ved

  • å snakke med brukaren og eventuelt med pårørande
  • å gjennomføre heilskapleg observasjon av brukaren
  • å observere det fysiske miljøet til brukaren
  • å utveksle informasjon på rapportmøte
  • å lese skriftlege rapportar, pleieplanar og journalar
  • å lese faglitteratur

Du snakkar med Sofie Olsen om kva ho trur er grunnen til at ho et lite og har gått ned i vekt. Etterpå snakkar personalet saman på rapportmøtet.

2. Kartlegging av ressursane og behova til brukaren

Ved å snakke med Sofie Olsen kan du få fram fleire opplysingar som kan vere relevante for situasjonen. Her i dette dømet har vi valt å avgrense det noko, slik at det ikkje skal bli for omfattande.

Vi vurderer opplysingane (datasamlinga) samla og dannar oss eit bilete av kva som er problema eller hjelpebehova til Sofie Olsen. Viss vi kjenner årsaka til problemet, skal vi ta det med i formuleringa som til dømes: "Sofie Olsen et og drikk lite fordi ho ..."

Når du skal planleggje vidare, blir det viktig å arbeide ut frå eit heilskapleg menneskesyn og finne kva styrkar Sofie Olsen har som kan nyttast til å løyse problemet.

  • Kva ressursar har ho?
  • Kva klarer ho sjølv?
  • Kva ønske har ho?

Ressursar

Ressursane til Sofie Olsen i denne samanhengen kan vere

  • at ho kan seie kva ho ønskjer
  • at ho har god rørsle i begge armane og kan ete sjølv ved tilrettelegging

Behov/problem

Problema til Sofie Olsen kan vere

  • at ho et og drikk for lite
  • at ho går ned i vekt
3. Målsetjing

Saman med Sofie Olsen må du no setje opp realistiske mål med utgangspunkt i kva ho ønskjer. Måla skal vere formulerte slik at dei fortel korleis ho skal ha det når måla er nådde.

Føremålet med måla er

  • at dei kan bidra til å motivere både Sofie Olsen og dei tilsette
  • at dei dannar utgangspunkt for at de kan evaluere det som blir gjort, og vurdere om måla blir nådde eller ikkje

Det kan vere naudsynt å ha både kortsiktige og langsiktige mål.

Krav til målformuleringar er at målet må

  • henge saman med problemet
  • beskrive ein ønskt tilstand eller aktivitet
  • vere realistisk, men samtidig noko å strekkje seg etter
  • vere konkret og målbart
  • ha oppgitt når målet skal vere nådd

Mål for Sofie Olsen kan vere ho innan ein gitt periode skal

  • ete sjølv med tilrettelegging
  • gå opp i vekt
  • få dekt ernæringsbehovet sitt
  • oppleve måltidet som ein positiv aktivitet
4. Planleggje og gjennomføre tiltak

Saman med Sofie Olsen må du no setje opp realistiske mål med utgangspunkt i kva ho ønskjer.

Kva vil du gjere saman med Sofie Olsen for å løyse problemet?

Tiltaka blir bestemde ut frå ei tverrfagleg vurdering og beskriv

  • kva som skal gjerast
  • korleis det skal gjerast
  • kven som skal gjere det
  • når det skal gjerast

Det er viktig å tenkje på brukarmedverknad. Sofie må seie kva ho ønskjer og meiner, før det blir teke avgjerder.

Oppgåvene dine som helsefagarbeidar er å

  • informere, rettleie og støtte slik at brukaren kan gjere aktivitetane sjølv
  • gi praktisk hjelp slik at ho kan utføre delar av aktivitetane sjølv
  • utføre aktivitetar for brukaren når ho ikkje klarer det sjølv

I samarbeid med Sofie Olsen blir følgjande tiltak bestemde

  • Sofie skal sitje saman med ei mindre gruppe og ete.
  • Ein av personalet skal sitje ved same bord og eventuelt rettleie ho under måltidet.
  • Maten skal vere variert slik at ho får servert noko ho liker.
  • Personalet skal observere og rapportere kor mykje ho et og drikk.
  • Ho skal vegast kvar fjortande dag.
5. Vurdering

Saman med brukaren må vi evaluere om dei tiltaka som blir utførte, gir dei ønskte resultata og fører mot måla. Viss tiltaka er effektive og gir dei resultata vi ønskjer, held vi fram med arbeidet som planlagt. Skulle det vise seg at resultata ikkje gjer det, må vi finne ut kvifor og evaluere heile situasjonen på nytt.

Det kan vere fleire grunnar til at ein ikkje når dei måla ein har sett:

  • Tilstanden eller situasjonen til Sofie kan ha forverra seg.
  • Datainnsamlinga kan ha vore utilstrekkeleg.
  • Biletet av ressursane, behovet og problema til brukaren var feilaktig.
  • Målet var urealistisk.
  • Tiltaka var ikkje føremålstenlege eller vart ikkje utførte slik det var tenkt.

Evaluering

Sofie Olsen gir uttrykk for at ho trivst under måltida. Det er dokumentert at ho et betre enn før, og vekta stig. Arbeidet held fram i tråd med planen, og ny dato for evaluering blir bestemd.

Utfordringar til deg

  1. Kva er problemløysande metode, og kva er føremålet med å nytte han?
  2. Korleis skaffar du deg informasjon om ein brukar?
  3. Gå saman to og to. Ta utgangspunkt i dykkar eigen skulekvardag og lag eit forslag til korleis de kan nytte den problemløysande metoden i skulearbeidet.

Relatert innhald

Ifølgje lovverket har helsepersonell dokumentasjonsplikt – plikt til å gjere synleg det dei observerer og utfører knytt til ein pasient eller brukar.

CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2021

Læringsressursar

Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneske