Hopp til innhald

Fagstoff

TN-nett

Vi har ulike oppbygningar av straumnettet her i Noreg, og eitt av desse er TN-nett. TN-nett i forsyningsnettet i Noreg har 400 V mellom fasane og 230 V mellom ein faseleiar og ein nøytralleiar. På grunn av oppbygninga til transformatoren vil spenningstilførselen bli broten ved første jordfeil.
Skisse. TN-nett. Illustrasjon.

Terra Neutral

Nemninga TN fortel korleis transformatoren til energiselskapet er bygd opp. TN står for «terra neutral». T betyr at nullpunktet til transformatoren er jorda, og N betyr at vi tek med oss nullpunktet til transformatoren ut til forbrukaren. Denne heiter nøytralleiar og har nemninga PEN-leiar.

Vi har tre ulike TN-nett: TN C, TC C-S og TN S. Den siste bokstaven beskriv strukturen til PEN-leiaren. PEN-leiaren er både ein PE-leiar (protected earth / tryggingsjord) og ein N-leiar (neutral/nøytral). Denne skal ha merkinga gul/grøn og blå. I eit TN C-nett er desse to i éin og same leiar (C = combined/felles). I eit TN S-nett er PEN-leiaren splitta i ein PE-leiar (gul og grøn) og ein N-leiar (blå). TN C-S er då eit nett som først er eit TN C-nett, og PEN-leiaren så blir delt i ein PE- og ein N-leiar. Når dette er gjort, har du aldri lov til å gå tilbake til eit TN C-anlegg igjen.

Vi har 400 volt mellom fasane L1, L2 og L3, medan det er 230 volt mellom fasane L1, L2, L3 og nøytralleiaren.

Fordelen med dette er at vi får mindre tap. Med høgare systemspenning blir straumane i overføringsnettet lågare, og dermed blir tapa mindre. Forsyningsnettet til energiselskapet kan utførast med mindre leiartverrsnitt (kablar).

Både 230 V og 400 V er tilgjengeleg hos forbrukaren/kunden. Dette er eit meir brannsikkert nett då ein eventuell jordfeil som får høgare straum enn sikringsstorleiken, med ein gong vil føre til at kursen blir kopla ut, men det er påkravd å ha ein jordfeilbrytar for å sikre personar og husdyr. Eit menneske eller husdyr toler berre 30 mA gjennom hjarteregionen, noko som er langt under merkestraumen til kursen.

Ulempa med eit TN-nett er at vi har høgare kontaktspenning, og at anlegget koplar ut ved første jordfeil. Dette er òg årsaka til at TN-anlegg ikkje er tillatne å bruke til å drive medisinsk utstyr på sjukehus og liknande. Til dømes vil ein person som ligg i ein respirator som får straumstans, vere i akutt livsfare. Det er ein viss fare for at utstyr som er meint for 230 volt, vil bli feilkopla og få tilkopla 400 volt, og dersom det då oppstår eit brot i N-leiaren, kan utstyret som er tilkopla, risikere å få fasespenninga, som er på 400 volt.

CC BY-SASkrive av Rodney Årnes.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2019

Læringsressursar

Fordelingssystem