Hopp til innhald

Fagstoff

IT-nett

Straumnettet i Noreg består av ulike nettsystem. Eit av desse er IT-nett. Det har 230 V mellom fasane og kan ha ein ståande jordfeil. IT seier noko om måten transformatoren til energiselskapet er bygd opp på.
IT-nett. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Insulated Terra

IT-nett seier noko om korleis transformatoren til energiselskapet er bygd opp. IT står for «Insulated Terra». Det inneber at nøytralpunktet til transformatoren er isolert frå jord. For å få isolert nøytralpunktet frå jord bruker vi noko som heiter disneuter eller gjennomslagsvern. Dette isolerer nøytralpunktet frå jord så lenge spenninga er låg, men dersom spenninga mellom fase og jord overstig 500 V – til dømes ved lynnedslag – vil gjennomslagsvernet kortslutte og leggje seg til jord og dermed skape eit TT-nett. TT står for «Terra-Terra». Det betyr at nøytralpunktet er jorda i trafoen, og det same er andre utsette delar.

I eit IT-nett kan vi nytte alle spenningane som står i norma: 230 V, 400 V, 500 V, 690 V og 1000 V. Til allmenn forsyning er det likevel sett ei grense på 230 V. Dei andre spenningsgrensene bruker vi til industri og motordrift. Alle spenningar hentar vi mellom fasane L1, L2 og L3.

I eit IT-nett er det mogleg å ha ein ståande jordfeil. IT-nett er derfor det einaste systemet det er lov til å bruke i visse område på sjukehus og som naudstraumsanlegg. I desse anlegga blir det brukt jordfeilvarslar. I alle andre område er det påbode med jordfeilbrytar.

I Noreg har vi tradisjonelt brukt berre IT-nett og noko TT-nett. TT-nett finst i Agder og nokre andre stader langs vestkysten av landet, som Karmøy, Bokn, Tysvær, Sveio, Vindafjord og Bergen. På 1980-talet begynte norske netteigarar å gå over til TN-nett («Terra Neutral»), men denne prosessen fekk ein bråstopp rundt 1990. I 2017 la NVE fram tal basert på ei undersøking frå 2012. Desse viste at anslagsvis 14 % av norske målepunkt er TN-nett. Det finst dessverre ingen undersøkingar som viser fordelinga mellom IT- og TT-nett.

CC BY-SASkrive av Rodney Årnes.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2019

Læringsressursar

Fordelingssystem