Film og filmklipp
Sideleie
Ein person som er medvitslaus, men som pustar sjølv, skal leggjast i sideleie. Dette gjer vi for å sikre at personen har frie luftvegar. Samtidig blir faren avgrensa for at mageinnhald kjem ned i lungene viss personen skulle kaste opp.
Viss du kjem over nokon med nedsett medvit, undersøk personen etter hugseregelen BLÅS. Les meir om BLÅS.
Legg personen i sideleie. Ring 113, her vil du få rettleiing og hjelp.
- Set deg ned på kne ved sida av den medvitslause.
- Legg den næraste armen til personen opp ved sida av hovudet.
- Legg deretter den bortaste armen til personen over brystet.
- Dra deretter kneet som er lengst frå deg, opp i ein vinkel.
- Hald i skuldrene og kneet som er lengst frå deg, og rull personen mot deg.
- Når du har fått lagt den medvitslause over på sida, trekk hovudet lett bakover. Luftvegane til personen vil då vere opne. Øvste handa blir lagd under hovudet for å støtte dette, mens den fremre handa blir lagd framfor personen.
- Nedste bein ligg rett ut, mens det øvste skal vere bøygd.
- Sjekk at personen ligg stabilt, juster armar og bein viss det er naudsynt.
- Ikkje gå frå personen, tilstanden kan raskt endre seg. Følg med på om personen framleis har frie luftvegar, og at vedkommande pustar, heilt til hjelpa kjem.
Hvordan utføre sideleie? (2018). I T. Johannessen (red.), Norsk Helseinformatikk. Henta 19. november 2019 frå https://nhi.no/forstehjelp/ulykke/sideleie/
Sideleie. (2018). I I. Johansen og J. Blinkenberg (red.), Legevakthåndboken (6. utgåve). Henta 16. november 2019 frå https://www.lvh.no/naar_det_haster/praktiske_ferdigheter/leiring_og_stabilisering/sideleie