Hopp til innhald

Fagstoff

12 – oppsummering

Denne siste artikkelen i NDLAs serie om gjenge viser eit arbeidsoppdrag. I oppdraget blir det laga både innvendige og utvendige gjenge. Det følgjer med teikningar, og filmen i artikkelen viser framgangsmåten for produksjonen.

Først har vi ein liten gjennomgang av fakta frå tidlegare artiklar. Fyll inn nedanfor.

Arbeidsoppdrag

Oppdraget er å lage delen som vist på biletet. Heilskapen i oppdraget tek deg med til ønsket til fagfornyinga om djupnelæring. Derfor inneheld oppdraget ein planleggingsdel, ein gjennomføringsdel og ein resultatdel. Oppdraget fortel deg på førehand kva kriterium som ligg til grunn for evalueringa.

Planlegging

I filmen nedanfor blir det vist korleis planleggingsverktøyet er tenkt brukt. I praksis er dette eit hjelpemiddel du kan bruke i alle typar oppdrag på verkstaden.

Teikning av ein dreidd del. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forslag til arbeidsplan

Slik er det meint at dokumentet kan fyllast ut før du går i gong med arbeidet. Om du gjer det, har du oversikt over alle verktøy du skal bruke, alle innstillingar på maskinar, og alle omsyn du må ta elles.

Arbeidsplanen som eit tomt dokument kan du laste ned nedst på sida.

Filer


CC BY-SASkrive av Bjørn Dølving.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2020

Læringsressursar

Gjenge