Hopp til innhald

Fagstoff

0 - Om Gjengeartiklane

NDLA presenterer ein serie med artiklar om gjenge. Denne serien består av 12 delar. Dei 12 delane representerer ei oppbygging av forståinga av gjenge, standardar og kjende verdiar for gjenge. Vi har lagt vekt på at omgrepsoppbygginga skjer gradvis.
Biletet viser eit ansikt laga med skruar og mutrar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Å opne ei brusflaske." Når du byrjar i vidaregåande, er det noko du kan. Utan å tenkje nøyare på det skrur du korken riktige vegen og drikk brusen. Den teknologiske oppfinninga som gjer dette mogleg, blir kalla "gjenge."


Slik byrjar første del av programmet. Frå dette kjende elementet fører til saman 12 artiklar fram til til siste oppsummering.

Når du har byrjar på TIP, er det mange nye ord og omgrep som du ikkje kjenner endå. Ingen skal forvente at du kan dei heller – eit nytt språk i eit nytt fag. Etter programmet blir det forventa at du kan mykje om gjenge.

Vi har lagt vekt på å presentere eitt omgrep om gongen. Til slutt skal du vere i stand til å føre ein samtale der ord som til dømes "stiging", "moment" og "flytegrense" gir meining. Ver til stades, spør når du står fast og gjer så godt du kan. Slik kjem du i mål.

CC BY-SASkrive av Bjørn Dølving. Rettshavar: Bjørn Dølving
Sist fagleg oppdatert 20.04.2020

Læringsressursar

Gjenge