Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

CNC–skjeremaskin: lage skrueboks

Her kan du produsere eit produkt ved hjelp av ei CNC-styrt skjeremaskin. Det føreset at du har tilgang til ei CNC-styrt skjeremaskin som les DXF-filer.
Ein blågrøn boks med svart lok og koparfarga knott på toppen. På sida av boksen står det «Skruer» og «NDLA». Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåva kan presenterast på ulike måtar alt etter kor stor kjennskap du som elev har til CNC-programmering. Det er òg ein føresetnad at du har kunnskap om modellering (3D) og 2D-teikning. Her viser vi eit eige tynnplateprogram der du kan få modellen utfalda. Instruksjonsvideoane viser korleis du modellerer og faldar plata. Du ser òg korleis du lagar ei DXF-fil.

Filer

Skrueboks

Arbeidsskildring – høg vanskegrad

Eleven får hovudmåla på skrueboksen og må konstruere og lage DXF-fil sjølv.

  1. Du skal modellere ein boks lik den på biletet. Boksen er 100 mm × 100 mm utvendig og 50 mm høg.
  2. Vidare skal du modellere eit lok som passar til boksen. Vel passande nedbrett på loket.
  3. Lag arbeidsteikning i 2D.
  4. I teikneprogrammet gjer du utfalding av boks og lok i målestokken 1 : 1.
  5. Lagre utfalding for lok og boks som eiga DXF-fil. Søk opp instruksjonsfilm.
  6. Når du har laga boksen og loket, knekkjer du dei i ei tynnplateknekke.
  7. Sveis hjørna på boksen med valfri sveisemetode, som gassboge, eller MIG/MAG.
  8. Puss ved behov hjørna slik at loket passar.
  9. Produser knotten i ein dreiebenk (gjerne CNC). Eventuelt kan du bruke ein M6-skrue.
  10. Puss og grunn delane før lakkering.
  11. Eleven får levert ut teikninga (PDF) med gjennomgang.

Middels til høg vanskegrad

  1. Du skal modellere ein boks med lok som på teikninga, sjå PDF.
  2. Lag arbeidsteikning i 2D/3D.
  3. I teikneprogrammet gjer du utfalding av boks og lok i målestokk 1 : 1.
  4. Lagre kvar utfalding som eiga DXF-fil. Søk opp instruksjonsfilm.
  5. Når boksen og loket er laga, knekkjer du dei i ei tynnplateknekke.
  6. Sveis hjørna på boksen med valfri sveisemetode, som gassboge, TIG eller MIG/MAG.
  7. Puss ved behov hjørna slik at loket passar.
  8. Produser knotten i ein dreiebenk (gjerne CNC).
  9. Puss og grunn delane før lakkering.

Middels til lett vanskegrad

  1. Hent DXF-filene for boksen og loket.
  2. Når boksen og loket er laga, knekkjer du dei i ein tynnplateknekke.
  3. Sveis hjørna på boksen med valfri sveisemetode, som gassboge, TIG eller MIG/MAG.
  4. Puss ved behov hjørna slik at loket passar.
  5. Bruk ein M6-skrue med mutter til knott.
  6. Puss og grunn delane før lakkering.

Refleksjon

  1. Korleis kan eg tilpasse materiale best mogleg?
  2. Er det kvalitetskravet ved val av materiale?
  3. Vil vekt vere av positiv eller negativ betydning?
  4. Har eg eit anna alternativ for produksjon av dette produktet?
  5. Kva vil dette koste i produksjon som enkeltdel eller i serie?

Den store lakmustesten – er boksen tett?

Ein sveisa metallboks er fylt med vatn og ser ut til å vere tett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her fyller du boksen full med vatn. Er sveisearbeidet gjort skikkeleg, skal boksen halde på vatnet, og det skal vere tørt under. Om boksen berre skal brukast til skruar, tenkjer du kanskje at det ikkje er så viktig?

«Her er øvinga for å sveise riktig viktigare enn at ein berre kan få platene saman i knekkemaskina.»

Har du forslag til designløysing eller festemekanisme der ein ikkje treng å sveise eller bruke dette materialet?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Njål Arve Bakketun og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021

Læringsressursar

Frå idé til ferdig produkt