Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein prosess?

Før vi ser nærmare på korleis mekaniske og kjemiske prosessar blir utførte industrielt, treng vi svar på eitt viktig spørsmål: Kva meiner vi med ein «prosess»?
Verktøy for produksjon av fuglekasse. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein prosess er ei systematisk rekkje av handlingar vi gjer med ei råvare slik at ho til slutt endar opp som eit produkt.

Fra råvare til produkt

Tenk deg at du skal lage ein fuglekasse. Du startar med nokre plankebitar og ei eske med spikrar. Dette er råvarene dine. Deretter må du sage opp plankane i passande lengder, spikre dei saman og bore eit hòl så fuglen kan komme inn og ut. Dette er prosessen. Sag, hammar og bor er hjelpemidla du bruker, og til slutt endar du opp med produktet: ein fuglekasse.

Vi kan lage eit enkelt skjema som kan gjelde for alle typar produksjonsprosessar der vi startar med ei eller fleire råvarer og endar opp med eit eller fleire produkt:

Flytskjema for ein generell prosess: råvare - gjere noko - gjere noko anna - produkt. Skjema.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Operasjonar

I boksane der det står «gjere noko», arbeider vi om på råvarene. Då vi laga ein fuglekasse, var dette for eksempel å sage eller å spikre. Desse operasjonane blir kalla «einingsoperasjonar».

Ein einingsoperasjon er eit enkeltståande steg i ein prosess. For å kunne lage det ønskte sluttproduktet er prosessen fram til dette som regel sett saman av mange einingsoperasjonar.

Mekanisk og kjemisk prosess

Produksjonen av ein fuglekasse er eit eksempel på ein mekanisk prosess – i alle einingsoperasjonane går det føre seg ei mekanisk handsaming av råvarene. Men i industrien går det ofte føre seg kjemiske prosessar òg. Det betyr at molekyla som råvarene er sette saman av, blir endra på.

Ein kjemisk prosess involverer ein eller fleire kjemiske reaksjonar på vegen frå råvare til produkt.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2018

Læringsressursar

Frå idé til ferdig produkt