Hopp til innhald

Fagstoff

Tetningar

Tetningar har som oppgåve å skilje to medium frå kvarandre. Vi skil mellom akseltetningar og flenstetningar.
 To bildete som viser Loctite tetninger og o-ringer.  Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når det gjeld generelle eigenskapar til tetningar, er det viktig å få klarlagt kva for medium det skal tettast imot. Når det gjeld gummimateriale, er det særs viktig. Arbeidstemperatur og trykk påverkar òg vala av materiale og hardleik.

Det er ingen fordel å velje eit gummimateriale som dekkjer eit større temperaturområde enn nødvendig. Ved å gjere dette kan andre eigenskapar bli borte, noko som kan medføre ekstra kostnader.

O-ringar (akseltetningar)

O-ringar av gummi løyser ei rekkje tetningsproblem. Desse nyttar vi til mellom anna tetningar i pneumatiske og hydrauliske system. O-ringar blir òg nytta til å tette skrulok og flensar.

I ein del tilfelle blir det stilt store krav til tetningseffekten. Her nyttar vi støtteringar for å hindre at o-ringen blir pressa ut. I tillegg til at du får kjøpt O-ringar med bestemte diametermål, blir desse òg leverte som rundsnor. Dei kan då kappast i riktig lengde og limast saman. Hardleiken og kvaliteten til ein O-ring må tilpassast bruksområdet.

Pakningar (flenstetningar)

Flytande pakningssement blir svært ofte nytta ved montering av maskindelar for å tette plane overflater og flensar til pumper, girkassar og motorflensar mv. med spalte opp til 0,5 mm.

Svært ofte erstattar flytande pakningssement ordinære pakningar. Flytande pakningar gir ei fleksibel og/eller elastisk tetning som er motstandsdyktig mot vibrasjonar, varme, olje og industrielle væsker.

Etter montering kan samanslutninga demonterast med vanlege verktøy.

Tetningsvæsker

Gjengetetning blir brukt for å låse gjenge mot trykk frå gass, luft, vatn, olje, oksygen og industrielle væsker. Gjengetetning erstattar hamp og PTFE-tape. Produkta er varme- og vibrasjonssikre og finst i ulike styrkar.

Produkta kan doserast direkte frå flaska eller ved hjelp av enkle doseringsmiddel.

Tetningslim

Loctite

Produkta er designa med ein patentert gummiteknologi for å betre styrken og auke kapasiteten til hurtiglimet så som:

  • brotstyrke
  • skrellstyrke
  • sjokk
  • slagstyrke

Produkta gir hurtig liming på dei fleste materiale, inkludert:

  • metall
  • plast
  • elastomerer

Dette gjeld også på sure yter og porøse materiale som:

  • tre
  • papir
  • skinn
  • tekstil

Prosedyre for montering av pakningar

  1. Kontroller pakningen. Det skal ikkje vere ”sår” på tetningsflatene.
  2. Set inn to av boltane 180o overfor kvarandre.
  3. Heng på testflens og monter pakning.
  4. Trekk til dei to boltane til du møter vesentleg motstand. Innerdiametrane til flensane skal møte kvarandre.
  5. Monter dei resterande boltane og trekk dei inntil flensane (ingen boltar skal vere lause).
  6. No er forbindelsen klar til test.
CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2018

Læringsressursar

Vedlikehald av maskinar og utstyr