Hopp til innhald

Fagstoff

Transmisjonar

Når vi byggjer maskinar, har vi behov for å binde akslingar saman med kvarandre. I dei tilfella akslingane dannar ei forlenging med kvarandre, bruker vi koplingar, og i dei tilfella akslingane ligg parallelt med kvarandre, bruker vi reimar eller kjeder.
Eksempel på tannhjul som blir brukt i valseverk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I enkelte tilfelle har vi behov for å auke eller minske turtalet på ein aksling. Dette blir gjort ved hjelp av tannhjul, kjede eller reimdrift.

Kjededrift

Når vi skal overføre store krefter, bruker vi kjededrift. Fordelane med kjededrift er at vi kan overføre rørsler sjølv med store akselavstandar. Kjeder er lette å montere og halde ved like, og dei er driftssikre under variable driftsforhold.

Ulempene kan vere at kjeder vil ha høg vekt, og at kjedehastigheita ikkje kan vere for stor på grunn av sentrifugalkrefter som oppstår. Kjeder strekkjer seg etter ein viss bruk og etter ei viss belastning.

Dei kan i nokre tilfelle verke støyande.

Drivkjeder blir brukte til kraftoverføring. Dette er standard maskinelement som vi kjøper i metervis og av ulike typar og kvalitetar tilpassa aktuelle driftsforhold.

Aktuelle kjeder kan delast ved hjelp av spesialverktøy og tenger. Det finst òg spesiallås for kjeder.

Det er viktig at tannhjula som kjedene skal gå over, er parallelle. Oppretting av løpehjula må gjerast før kjeda blir sett på plass og maskinen startar opp.

Som du ser på bileta, finst det ei rekkje typar av kjeder, strammarar og kjedehjul.

Sett frå eit vedlikehaldssynspunkt samlar kjeder mykje smuss og krev stadig tilførsel av smørjemiddel. Det finst ulike måtar å smørje ei kjede på, frå handsmørjing med kanne til automatiserte system der vi anten dryp smørjemiddel mot kjeda eller at heile kjeda går i eit smørjebad med automatisk overvaking av aktuelle driftsparameter.

Reimdrift

I dei tilfella vi ønskjer ei mjuk og støyfri kraftoverføring, bruker vi reimdrift.

Hugs at når kraftoverføring skjer via reimar, er det viktig at reimskivene ligg rett i forhold til kvarandre. Ofte bruker vi linjal for å sjå til at reimskivene ligg parallelt. Hugs òg at det er reglar for kor mykje reimar skal strammast.

Flatreim

Flatreim overfører krefter ved hjelp av friksjon, noko som fører til at belastningane på aksling og lager blir store. Det er ikkje mogleg å overføre store effektar ved hjelp av denne reimtypen. Verknadsgraden er òg låg.

Kilereim

Reima ligg i ei reimskive med v-spor, noko som gjer at friksjonen til reimskiva blir forholdsvis god. Det er då viktig at vi vel rett profil på kilereima, slik at ho ikkje buttar i botnen av reimskiva. Oppretting av reimskivene er viktig, uansett kva type reimskive som blir brukt.

Kilereimar ligg i ei reimskive med v-forma spor. Dette fører til at friksjonen mot reimskiva blir god. Hugs at reima ikkje skal botne i reimskiva, noko som fører med seg at vi ikkje oppnår tilstrekkeleg friksjon og reima vil ”slure”. Kva for skiver som skal brukast i samsvar med reimdimensjonen, finn du i leverandørkatalogen. Ulempa med kilereimar er at dei fordrar stor diameter på reimskivene for ikkje å brekke.

Tannreim

Tannreimar har i mange samanhengar overteke for kjededrift. Dei er lettare og meir stillegåande. Kraftoverføringa skjer via tenner på innsida av reima, noko som gir ei synkron drift og ei slurefri overføring.

Poly-v-reim

På grunn av v-forma ribber på reima får vi god friksjon mot reimskiva. Reimtypen blir meir og meir brukt i industrien. På grunn av utforminga dannar det seg ein god friksjon mot reimskivene. Reimtypen erstattar flatreima og i nokre tilfelle òg kilereimar.


Koplingar

I konstruksjonar har vi behov for å kople akslingar saman. Eksempel på dette er når vi skal kople saman ein motor med ei pumpe når begge delar står på eit fundament.

Det som bestemmer kva for ein type kopling som skal nyttast, er mellom anna følgjande:

  • skeivskapar som skal rettast opp
  • støytbelastningar som koplinga skal kunne absorbere
  • kor lett koplinga er å montere og demontere
  • kor mykje koplinga byggjer
  • kor lett ho er å avbalansere
  • styrings- og bruksmoglegheite
  • vekta på koplinga



Koplingar deler vi inn i følgjande grupper:

  • faste koplingar
  • fleksible koplingar
  • elastiske koplingar
  • koplingar som kan manøvrerast
Fire ulike friksjonskoplingar. Foto.

I dei tilfella der vi har maskinelement som blir kopla saman og det kan oppstå kraftige støyt, blir det anbefalt å bruke ei høgelastisk kopling. Det finst ei rekkje typar av koplingar som blir nytta ute i industrien. Her kjem nokre eksempel:

  • tannkoplingar
  • universalleddkoplingar
  • koplingar som kan manøvrerast
  • friksjonskoplingar
  • hydrodynamiske koplingar
  • friløpskoplingar

Tannhjul og tannhjulsoverføringar

Nærbilde av et rustent tannhjul. Foto.

I alle maskinar finn vi tannhjulsoverføringar. Desse har same funksjonen som kjeder og reimar, nemleg å overføre krefter. Vi kan byggje saman tannhjul med ulik storleik til eit gir, på denne måten kan vi auke og senke hastigheita til ein drivaksling.

Fordelane med ei tannhjulsoverføring er stor driftstryggleik, slurefri kopling, høg verknadsgrad i tillegg til at ei tannhjulsoverføring kan overføre store krefter.

Men ei tannhjulsoverføring kan vere kostbar å produsere og krev høg fagkunnskap ved montering.

Les meir om dei fire gruppene av koplingar på sln.no

CC BY-SASkrive av Industriskolen. Rettshavar: Industriskolen
Sist fagleg oppdatert 10.09.2018

Læringsressursar

Vedlikehald av maskinar og utstyr