Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nedsett syn

Når du kommuniserer med ein som er blind, er det i hovudsak tonefallet og lydnivået på stemma di som blir tolka. I denne oppgåva kan du sjå korleis ulike typar synstap kan arte seg. Du kan òg øve på å vere ein fagarbeidar som støttar ein blind i ein praktisk situasjon.
Kvinne assisterer ein mann som bruker kvit stokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Les om hjelpemiddel for personar med synsnedsetting på nettsida til Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde. Gjer deg kjend med dei ulike hjelpemidla. Vel eitt av dei, og presenter det for ein medelev. Forklar kvifor dette hjelpemiddelet kan vere nyttig.

  2. Gå inn på synstapsimulatoren til Nasjonal kompetansetjeneste til døvblinde. Sjå korleis ulike typar synstap kan arte seg ved ulike aktivitetar på ulike avstandar og ved ulik alvorsgrad.

Praktisk øving

Gå saman to og to og gjennomfør ein praktisk kvardagssituasjon, til dømes eit måltid. Ein av dykk er blind, og den andre er helsefagarbeidar.

Fagarbeidaren skal

  • orientere om omgivnadene

  • fortelje kva som blir servert

  • beskrive kvar maten er plassert på tallerkenen

  • fortelje når han eller ho flyttar på gjenstandar

  • tilby hjelp

  1. Kva er dei største utfordringane for den som ikkje ser?

  2. Kva er dei største utfordringane for den som er helsefagarbeidar?

  3. Korleis kan fagarbeidaren kommunisere for å fremme tryggleik i situasjonen?

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Ulike kommunikasjonsferdigheiter